Nyheiter

Norborg tok alt i skilsmisseoppgjeret

Norborg gjorde reint bord og vann 3-1 over tidlegare samarbeidspartnar Brattvåg2 i kveldens 5. divisjonskamp framfor 300 tilskodarar i Uggedalen. Begge lag hadde treff i aluminiumet tidleg i kampen, men så sa Tarjei Urkedal takk for følget og sette inn to mål det siste kvarteret av 1. omgang. Etter kvila hadde Brattvåg2 mykje ball, men skapte lite mot eit godt organisert og hardtkjempande heimelag. I staden var det Kristoffer Søviknes som auka leiinga til 3-0 for dei oransje tjue minutt før slutt. Brattvåg2 sitt trøystemål vart sett inn av Anes Maksumic. Meir kjem.

Vågnes og Grytten til Norborg

Eirik Koppen Vågnes og Steffen Grytten har meldt overgong frå henhaldsvis Brattvåg og Fjørtoft. Begge er velkjende andlet i Uggedalen. Vågnes har 69 kampar for det tidlegare samarbeidslaget Norborg/Brattvåg2, medan Grytten har 296 kampar for Norborg frå 2001 til 2016.

Lokaloppgjer mot Brattvåg2 torsdag kl. 1830

Årets første Harams-derby i 5. divisjon blir spelt i Uggedalen mellom Norborg og Brattvåg2 torsdag kl. 1830. Laga som i fjor samarbeidde har fått ein ulik start på sesongen. Norborg gjekk på eit 4-1 tap for Bergsøy2, medan Brattvåg2 vann 3-1 over Volda2. Norborg treng difor ein 3-poengar i morgon. Så ta turen til Uggedalen og hjelp laget til siger!

Tøff serieopning for Norborg

Norborg tok leiinga like før pause på ein corner skrudd direkte i mål av Lars Alvestad Mikalsen, men fekk det tøft siste halvtimen då ein måtte plukke ballen ut av nota heile fire gongar. Dermed enda serieopninga med eit 4-1 tap for Bergsøy2. Les meir..

Vidare i Sunnmørsposten Cup

Norborg vann 4-1 borte mot Sula i 2. runde av Sunnmørsposten Cup. Robert Dulgheru gav dei oransje leiinga allereie 1 minutt ut i kamp, medan Adrian Andrukiewicz dobla leiinga 5 minutt seinare. Eit sjølvmål i det 15. minutt sørga for 3-0. Noko som stod seg til pause. Ole Martin Sellaup auka til 4-0 før minuttet var spelt av 2. omgang. Nokre minutt før slutt reduserte Ramazan Akbulut for heimelaget. Norborg tek i mot Blindheim i 3. runde. Kampen er oppsett søndag 17. mars kl. 1830,

God glid mot Godøy

Etter is i rubben i ein treningskamp mot HaNo for ei drøy veke sidan, så var det god glid i Sunnmørsposten Cup-kampen mot Godøy i Uggedalen søndag kveld. Sidan Godøy spelar ein divisjon under Norborg så starta dei kampen med eit straffespark som vart sett i mål av Simen Støbakk Valkvæ. Deretter var det berre Norborg som ikkje gav seg før det stod 7-1. Anders Toven utlikna dryge ti minutt ut i kampen før Robert Dulgheru presenterte seg. Først sette han inn 2-1 på straffespark etter at Kristoffer Søviknes vart felt. Så scora han på eit skot frå 18 meter. I sluttminutta av 1. omgang var først ein Godøy-spelar uheldig å sette ballen i eige mål på corner for Dulgheru sette inn sitt tredje for dagen. Dermed 5-1 til pause. 2. omgang vart langt rolegare, men far Marius Dulgheru gjorde 6-1 før Kristoffer Søviknes fastsette sluttresultatet til 7-1 på ei klassescoring der han tok ned ballen på brystet og klinka den i lengste. Dette var for øvreg Norborg sin største siger over Godøy nokon sinne i dei 52 offisielle kampane ein har hatt mot dei sidan det første møtet i 1971. Norborg møter Sula i neste runde, også det eit lag som spelar i 6. divisjon.

To nye inn

Sebastian Vågø vart på sin 26-årsdag i går klar for Norborg etter overgang frå Skodje. Vågø har spelt 4., 5., 6. og 7-ar fotball for Skodje sidan A-debuten hausten 2013. Det er også klart at Markus Søvik Gunnarsson (28) gjer comeback etter å ha flytta tilbake til Haram.

Sponsorar:

Hendelser i april 2024

mandag tirsdag onsdag torsdag fredag lørdag søndag
1. april 2024
2. april 2024
3. april 2024
4. april 2024
5. april 2024
6. april 2024
7. april 2024
8. april 2024
9. april 2024
10. april 2024
11. april 2024
12. april 2024
13. april 2024
14. april 2024
15. april 2024
16. april 2024
17. april 2024
18. april 2024
19. april 2024
20. april 2024
21. april 2024
22. april 2024
23. april 2024
24. april 2024
25. april 2024
26. april 2024
27. april 2024
28. april 2024
29. april 2024
30. april 2024
1. mai 2024
2. mai 2024
3. mai 2024
4. mai 2024
5. mai 2024