søndag, november 19, 2017
   
Text Size

Treningssamling i badminton!

Første helga i desember inviterer Norborg til treningssamling for dei yngre i Brattvåghallen.

"Vi har vore så heldige å få spesiell støtte til dette frå STX OSV og dermed har vi kunne få ein av dei aller beste trenarane i landet hit til oss denne helga", seier organisator Randi Ulla til .com, "det er Radu Carlan som opprinneleg er frå Romania som kjem. Han har vore landslagsspelar for Romania, trenar i Italia i åtte år og i Danmark i to år. Han kom til Norge og Otta i 2008. Forutan å vere lærar i badminton ved toppidrettslinja på vidaregåande skule der, er han også tilknytta Norges Badmintonforbund", fortsetter Randi ivrig.

Alle som trenar badminton i Norborg i dag må møte opp, dei får delta gratis (inkludert matservering). Spelarar som tidlegare har vore med er også velkomne så langt plassen tillet det.

Klikk for å lese meir om tidene...

Samlinga startar allereie på fredag 2. desember frå 18:00-20:00, laurdag er det frå 10:00-15:00 og søndag held vi på frå 10:00-12:00.

Laurdag blir det servert gratis mat og drikke til Norborg-spelarane.

Dersom du ikkje kan vere med ein av dagane, er det ikkje noko problem.

Har du lyst til å vere med, men har ikkje vore på trening denne sesongen? Send ein mail til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen eller SMS til 92688534 med namnet ditt!

Møt opp og få tips og inspirasjon frå ein av dei aller beste badmintontrenarane i Norge!t

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann