fredag, november 24, 2017
   
Text Size

Grytastranda utklassa Søvik

Grytastranda - Søvik 4-1 (1-0)
Uggedal KGB, 29.10.11

Sjansar: 10-5 / cornere: 5-4

1-0 Torbjørn Grytten (16)
2-0 Martinus Grytten (52)
3-0 Tarjei Gjerset Urkedal (59)
3-1 Elling Mikal Kalvø (76)
4-1 Kim Idar Krogsethagen (90)

Dommar: Arild Vegsund
Assistentar: Helge Uggedal og Nils-Arve Engeseth

Grytastranda vann den 10. bygdakampen med 4-1 over Søvik. Grytastranda fekk tidleg kampen inn i sitt spor med ei scoring av stortalentet Torbjørn Grytten. Søvik fekk lite til offensivt, medan Grytastranda satsa på raske overgangar. Torbjørn sin storebror Martinus kjempa inn 2-0, medan Tarjei Urkedal meir eller mindre punkterte kampen med sitt 3-0 mål. Elling Mikal Kalvø reduserte etter corner, men dette var Grytastranda sin kamp og banens beste, Kim Idar Krogsethagen, fastsette sluttresultatet til 4-1 på overtid.

Grytastrandarane hadde meir eller mindre utropt seg sjølve til favorittar før kampen mot Søvik, som kan seiast å vere Norborg sitt 4. divisjonslag. Det var likevel Søvik som kom best i gong og greidde å halde ballen meir i laget enn Grytastranda sin meir kontringsorienterte stil. Etter ti minutt med høgt tempo og eit par halvsjansar var det Søvik sin "utlending" Cato Longva som fekk den første store sjansen då hadde sette hovudet på eit innlegg frå Asgeir Kalvø. Men, Grytastranda sin "utlending", keeper Henrik Åkre, fekk redda avslutninga frå 5 meter.

Grytastranda gjekk ut i ein 4-3-3 med lynraske vingar som trakka kritlinja, og etterkvart begynte kontringane å sete. I det 16. minutt avsluttar Torbjørn Grytten ei kontring med å heade inn 1-0 etter innlegg av Tarjei Urkedal. Sjølv om Kristoffer Søviknes fekk ein god sjanse til å utlikne like etter, var det Grytastranda som skapte sjansane etter målet. AaFK-spelar Torbjørn Grytten var aktiv ute på venstrekanten og skapte mykje bryderi for Søvik-laget med fart og teknikk. Adrian Håbet gjorde det same ute på høgrekanten, medan den meir hardtkjempande og duellsterke Steffen Grytten i tanksenterrolla heada i tverrliggjar eit kvarter før pause.

Grytastranda gjekk til pause med 1-0 i ein temposterk omgang der Grytastranda hadde flest sjansar, medan Søvik hadde ballen mest.

I 2. omgang satsa Grytastranda på endå meir fart i angrepet då Martinus Grytten kom inn på spissplass. 7 minutt tok det Martinus å sette inn 2-0 frå få meter etter innlegg av Adrian Håbet. Like før timen spelt blir kampen meir eller mindre punktert då Tarjei Urkedal sette inn 3-0 på eit skot i frå 14 meter. Ei avslutning som Søvik sin keeper nok burde ha tatt. Kampen roa seg no meir ned og Søvik fekk etter kvart eit lite trykk på Grytastranda. Eit kvarter før slutt reduserer Elling Mikal Kalvø til 3-1 då han headar inn ein corner i frå Kristian Søviknes. Men nærmare kom ikkje søvikerane og det er Grytastranda som skaper sjansane på slutten av kampen ved Øyvind Davik, men mål blir det ikkje før på overtid då banens bestemann Kim Idar Krogsethagen sette inn 4-1 på eit skot frå 25 meter.

- Dette må vere tidenes beste Gryta-lag, uttalte Roger Grytten etter kampen. Vi kan vel ikkje seie oss uenig i den uttalelsen, for ikkje minst Grytastranda si offensive rekke er noko eit kvart 4. divisjonslag kan misunne. Og når forsvarsspelarane oser av rutine og kløkt så blir dette eit godt 4. divisjonslag.

Søvik bestod stort sett av Norborg sitt 4. divisjonslag, men var på desperat keeperjakt ettersom verken Joakim Kjærstad, Kenneth Hånde eller Geir Roar Gamlem kunne stille. Ein beskyldte då kamparrangør Grytastranda for å ha nøye planlagt eit tidspunkt som ikkje passa for målvaktene. Ein måtte då til Ravn for å få keeper. Sidan han bur i Hamnsundet så unngjekk ein utanlandskvota. Den tidlegare Norborg-spelaren Øyvind Farstad var også henta frå Ravn, og no er det vel på tide at han kjem heim til moderklubben..

Forståsegpåarane i Norborg sa einstemte etter kampen at hadde alle desse spelarane som var i Uggedalen i dag budd på Sunnmøre og spelt for Norborg, så hadde ein pløgd gjennom 4. divisjon og vore eit stabilt 3. divisjonslag.

Kim Idar Krogsethagen vart kåra til banens beste. Overblikk, kommunikasjon med medspelarar og teknikk av høg klasse. Han krona også kvelden med eit mål. Best på Søvik var Elling Mikal Kalvø. Ro med ball og farleg på dødballar.

Dette var den tiande bygdakampen i "moderne" tid. Grytastranda står med sju sigrar mot Søvik sine tre.

Grytastranda: Henrik Åkre - Vegard Vegsund, Roger Grytten, Jan Even Drønnesund, Stig Wold - Kim Idar Krogsethagen, Eirik York, Tarjei Urkedal - Torbjørn Grytten, Steffen Grytten, Adrian Håbet.
Innb.: Bjørnar Engeset, Knut Øyvind Grytten, Peter Elias Grytten, Martinus Grytten og Øyvind Davik.

Søvik: Kristian Osvik - Asgeir Kalvø, Elling Mikal Kalvø, Kjell-Terje Brusdal, Øyvind Farstad - André Larsen, Kristian Søviknes, Bee - Cato Longva, Kristoffer Søviknes, Ole Johan Urke.
Innb.: Johan Stavik, Per Kristian Stavik og Edward Laverton.


Glade grytastrandarar: Bak frå venstre: Peter Elias Grytten, Knut Øyvind Grytten, Torbjørn Grytten, Eirik York, Vegard Vegsund, Kim Idar Krogsethagen, Steffen Grytten, Bjørnar Engeset, Adrian Håbet og lagleiar Frode Engeset.
F.f.v.: Øyvind Davik, Roger Grytten, Tarjei Urkedal, Henrik Åkre, Jan Even Drønnesund, Stig Wold og Martinus Grytten.

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann