søndag, april 22, 2018
   
Text Size

Svak kamp mot Brattvåg

Norborg og Brattvåg møttest sist måndag til treningskamp på Norborg si kunstgrasbane. Heimelaget fekk ein god start då Tarjei Urkedal pirka ballen i mål frå kloss hald. Brattvåg skulle likevel vise seg som det beste laget og snudde kampen til 1-4.


Norborg - Brattvåg 1-4 (1-2)
Norborg KGB, 08.03.10

Sjansar: 3-11

1-0 Tarjei Urkedal (5)
1-1 Martin Sundnes (9)
1-2 Øyvind Sundnes (32)
1-3 Alexander Håskjold (50)
1-4 Martin Sundnes (85)

Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)
Assistenar: Arild Vegsund (Norborg) og Oddbjørn Hatlehol (Brattvåg)

Laget: Espen Wold - Kristian Søviknes, Kjell-Terje Brusdal (Geir Ove Grønli, 26), Jan Even Drønnesund, Bee - Ole Johan Urke, André Larsen (Daniel Olsbø, 46), Skjalg Volstad (A. Larsen, 68), Alexander Eide - Kristoffer Søviknes, Tarjei Urkedal.

Norborg leverte flotte resultat i januar månad og vann då blant anna 4-2 over Brattvåg. Dei siste vekene har diverre dårlege banetilhøve ført til fleire avlyste treningar og forma til spelarane har falle kraftig.

Norborg var med på notane den første halvtimen og tok også leiinga på sin første sjanse ved Tarjei Urkedal . Scoringa kom etter at Brattvåg-forsvaret ikkje fekk klarert ein corner frå Kristian Søviknes. Gleda varte ikkje lenge for heimelaget, for få minutt seinare sette Martin Sundnes eit frispark i mål frå 18 meter. Litt heldig sidan skotet gjekk via ein spelar og i mål.

Straffebom!
Brattvåg har ballen mest, men skapar lite framfor Norborg sitt mål den første halvtimen. Det er likevel tydeleg at gultrøyene er særs innstilt på å revansjere tapet frå januar. Etter dryge halvtimen er det Brattvåg sin tur til å ta leiinga etter corner. Norborg ser ut til å ha kontroll då Espen Wold fangar ballen, men mister den i kamp med Brattvåg-angriparar og Øyvind Sundnes sette den i mål til store protestar frå keeper Wold. Dommar og lærarkollega Steinsbu vinkar vekk Wold og dømmer mål.

Hua i vegen
Geir Ove Grønli kom tidleg inn for ein ryggplaga Kjell-Terje Brusdal og burde ha utlikna då han får stå åleine på 7 meter og heade mot mål, men keeper Geir Roar Gamlem reddar. Her skal ein hovudsterk spelar som Grønli score, men mogeleg kom hua i vegen. Sogningar bør vel greie å spele utan hue når gradstokken viser pluss.. I staden er det Martin Sundnes som får sjansen til å auke for Brattvåg på straffe. Han sette først inn 1-3, men dommar annullerar då fleire sprang inn i sona før straffa var tatt. Det andre forsøket endar med redning frå keeper Wold. Dermed 1-2 til pause.

Brattvåg klart best
Etter pause ville Brattvåg mest og var best mot eit sløvt Norborg-lag, som mest såg ut til å ønske at bana skulle fryse og kampen stoppa. Men i motsetning til kampane mot Ravn og Harøy spelte ein denne kvelden samtlege 90 minutt. Alexander Håskjold auka tidleg i omgangen til 1-3, og resten vart ei transportetappe for gultrøyene. Dette til trass for at Hans Edvard Nordang fekk to gule på få minutt og dermed vist det raude med ein halvtime igjen å spele.

Brattvåg trilla ball, medan Norborg av og til gadd å springe i mellom. På slutten av kampen sette Martin Sundnes inn sitt andre frisparkmål då norborgarane stod å krangla om kor mange som skulle stå i mur. Dermed ein fortent 1-4 siger til Brattvåg.

Norborg sitt tenningsnivå var langt under pari og løpsvilja var langt under det ein hadde for nokre veker sidan. Laget må nytte tida godt fram mot seriestart mot nettopp Brattvåg 15. april. Kondisjonen og spelegleda må opp fleire hakk. Talentet veit vi frå før av er der.

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann