mandag, juli 24, 2017
   
Text Size
Feil

Norborg med to lag i Futsal-KM G19

Norborg har meldt på to lag i inne-KM for juniorar 18.-20. november.

Hødd 2 lag
Langevåg 2 lag
Ørsta 2 lag
Volda 2 lag
Blindheim 2 lag
Eid 2 lag
Norborg 2 lag
Stranda 1 lag
Åram /Van.kam 1 lag

 

Norborg svakast mot dei svake!

Åtte lag fekk bli verande i 4. divisjon, medan fire måtte ned i 5. divisjon. Norborg vart til slutt det nest svakaste laget som fekk stå i 4. divisjon, men dersom vi stryk kampane mot dei fire laga som rykte ned, så klatrar Norborg forbi Hareid. Norborg gjorde det nemleg svakt mot laga som rykte ned der ein tok 12 poeng på 8 kampar. Halvparten av dei poenga kom mot Valder.

8 beste innbyrdes







LAG K S U T FOR MOT +/- P
Skarbøvik 14 8 2 4 38 24 14 26
Langevåg 14 7 4 3 36 17 19 25
Emblem 14 7 2 5 33 27 6 23
FK Sykkylven 14 7 2 5 27 22 5 23
Godøy 14 6 3 5 31 26 5 21
Norborg 14 5 2 7 21 37 -16 17
Hareid 14 4 1 9 22 31 -9 13
Larsnes/Gursken 14 3 2 9 19 43 -24 11









Mot nedrykkslaga







LAG K S U T FOR MOT +/- P
Skarbøvik 8 6 2 0 32 8 24 20
Godøy 8 6 2 0 27 8 19 20
Langevåg 8 6 1 1 32 12 20 19
Larsnes/Gursken 8 6 0 2 18 13 5 18
Hareid 8 5 1 2 18 9 9 16
Emblem 8 4 3 1 17 8 9 15
FK Sykkylven 8 4 3 1 17 9 8 15
Norborg 8 3 3 2 18 15 3 12
   

Berg legg opp med testimonialkamp!

Laurdag kl. 13 spelast det som truleg er tidenes første testimonialkamp i Haram då Ravn og Skodje møtest i Anders Berg sin avskjedskamp. For norborgarar er nok Anders Berg mest kjent for å ha scora frå særs langt hald på Kurt Erik Grytten. Sunnmørsposten har meir om Mr. Berg.
   

Fakta 4. divisjon 2016

Dei 132 kampane i 4. divisjon er unnagjort med 55 heimesigrar, 25 uavgjorte og 52 bortesigrar. 534 mål har blitt scora. Noko som er ein nedgong frå 580 i fjor. 428 kort skal ha blitt delt ut. Her er dei tørre fakta av årets 4. divisjon medan vi ventar på saftigare stoff:

Vinnar: Skarbøvik
Beste heimelag: Langevåg (7-3-1 38-12 24)
Svakaste heimelag: Hareid (2-2-7 13-22 8)
Beste bortelag: Godøy (7-3-1 35-12 24)
Svakaste bortelag: Skodje (1-0-10 7-39 3)
Flest scorede: Skarbøvik (70 mål)
Færrast scorede: Skodje (24 mål)
Færrast mål imot: Langevåg (29 mål)
Flest mål imot: Skodje (76 mål)
Best målskilnad: Langevåg (39 plussmål)
Involvert i flest mål: Skarbøvik (102 mål. Snitt: 4,63)
Involvert i færrast mål: FK Sykkylven (75 mål. Snitt: 3,41)
Flest raude kort: Hareid og Skodje (5 stk.)
Færrast raude kort: Godøy, Norborg og Stranda (0 stk.)
Flest gule kort: Hareid (41 stk.)
Færrast gule kort: Skarbøvik (26 stk.)

Største siger: Langevåg - Norborg 10-0 (runde 6, 19.05)
Største bortesiger: Skodje - Langevåg 0-8 (runde 9, 09.06)

Målrikaste kampar:
Langevåg - Norborg 10-0 (runde 6, 19.05)
Norborg - Emblem 4-6 (runde 21, 13.10)

Tre kampar enda mållause. Det var Emblem - Valder i runde 5, Stranda - Ørsta i runde 11 og Ørsta - Skarbøvik i runde 13.

Toppscorar: Nils Ottar Sandø (Skarbøvik) 29 mål
1977-årgangen held dermed fram med å ha toppscoraren i 4. divisjon. I fjor var det Svein Arve Alnes.

   

Skarbøvik med færrast kort

Skarbøvik fekk tildelt færrast kort i årets 4. divisjon, medan vi finn Hareid i andre enden. Norborg plasserte seg også her på 7. plass med 38 gule og ingen raude. Det vart delt ut totalt 407 gule og 21 raude.



Gule Raude Poeng*
1. Skarbøvik 26 1 29
2. Godøy 31 0 31
3. FK Sykkylven 26 2 32
4. Valder 29 1 32
5. Stranda 34 0 34
6. Langevåg 35 1 38
7. Norborg 38 0 38
8. Larsnes/Gursken 37 2 43
9. Ørsta 41 1 44
10. Emblem 37 3 46
11. Skodje 32 5 47
12. Hareid 41 5 56
* 1 poeng for gult, 3 poeng for raudt.
   

Sunnmørsranking: Topp 20

Norborg faller fem plasser frå i fjor og er det 17. beste herrelaget på Sunnmøre. Langevåg er årets klatrer med avansement frå 19. til 12. plass.

Oversikt over dei 20 beste laga på Sunnmøre i 2016:

1. AaFK -
2. Hødd -
3. Brattvåg ↑1
4. Herd ↑1
5. Spjelkavik ↑1
6. AaFK2 ↓3
7. Hødd2 ↑1
8. Volda ↓1
9. Bergsøy -
10. Rollon ↑1
11. Skarbøvik ↓1
12. Langevåg ↑7
13. Godøy -
14. Emblem ↑1
15. FK Sykkylven ↓1
16. Hareid ↑4
17. Norborg ↓5
18. Larsnes/Gursken -
19. Ørsta ↓2
20. Valder ↓4
   

5./6. divisjon: Åmdal ned! Hovdebygda og Lepsøy KM-vinnarar

Lepsøy vann bortekampen mot Sæbø 3-2 og tok dermed heim KM-tittelen med 6-5 samanlagt. Dette er Lepsøy sin første KM-tittel. Vi gratulerer!

I 5. divisjon dreide den største spenninga seg kring kven som måtte ned. Ellingsøy, Giske og Åmdal var laga som kjempa om å unngå 9. plassen som gir nedrykk, og som i 4. divisjon på torsdag så var det laget frå Ørsta kommune som gjekk ned. Ellingsøy og Giske gjorde jobben sin med 2-0 siger, medan Åmdal tapte 3-4 for Vigra og går ned i 6. divisjon saman med MSIL, Vartdal og Brattvåg2. 

Vi gratulerer Hovdebygda som krinsmeistrar trass 3-7 tap for Volda2. Blindheim hadde sjansen til å ta tittelen, men tapte 0-2 for Ellingsøy og vart då passert av ÅVK, som vann 3-1 over Herd2.

Oversikt antall KM-titlar 1963-2016
   

Søviknes vart toppscorar!

Kristoffer Søviknes vart toppscorar for Norborg i 4. divisjon med 9 mål. Dette er tredje gong han tek heim toppscorarpokalen. Dei to foregåande var i 2012 og 2014. Kristian Søviknes var den som hadde flest målgjevande med 7. Pedro Silva var den mest effektive spelaren. Han brukte i snitt 96 minutt pr. mål.

Spelar Mål Spelar Assists
Kristoffer Søviknes 9 Kristian Søviknes 7
Magnus Seth 7 Hans Edvard Nordang 4
Pedro Silva 6 Magnus Seth 3
Ole Johan Urke 4 Christian Sæther 2
Hans Edvard Nordang 3 Fredrik Krogsæter 2
Ole-Kristian Aarseth 2 Kristoffer Søviknes 2
Steffen Grytten 2 Pedro Silva 1
Jan Tore Fjørtoft 1 Nikolai Jensen 1
Kristian Søviknes 1 Tarjei Urkedal 1
Tor Abelseth 1 Ole Johan Urke 1
Tarjei Urkedal 1
Jonas Austnes 1
Sjølvmål 1
   

Spenning i 5. divisjon

I 5. divisjon så har Hovdebygda på det nærmaste sikra seg KM-tittelen. Blindheim har ein liten sjans til å rappe den, men må då vinne stort over Ellingsøy, medan Hovdebygda må gå på ein smell mot Volda2. Hovdebygda er 3 poeng og 6 mål betre enn Blindheim framfor siste runde.

Som det var i 4. divisjon så dreier den store spenninga seg om kven som unngår 9. plassen og nedrykk til det ytterste fotballmørket av Ellingsøy (28 poeng og 11 plussmål), Giske (28 poeng og minus 3 i målskilnad) og Åmdal (26 poeng og 15 plussmål). Av desse tre laga så har Ellingsøy den tøffaste oppgåva sidan dei møter Blindheim borte. Giske har heimekamp mot allereie nedrykksklare MSIL, medan Åmdal tek imot Vigra, som har lite å spele for.

Vartdal og Brattvåg2 har vore klar for nedrykk ei god stund og møtes til kamp i dag. I den kampen er vel største spenninga om BIL2 unngår 150 beklengsmål i år. Har 144 før kampen. Hildre har etter det vi veit Haramsrekorden med 162 baklengs i 1991. For øvreg på berre 16 kampar.

Søndag 23. oktober kl. 14
Giske - MSIL
Blindheim - Ellingsøy
Hovdebygda - Volda2
Åram/Van.kam - Herd2
Åmdal - Vigra

Laurdag: Vartdal - Brattvåg 2 7-0
   

Slik kom poenga!

Norborg tok full pott mot Hareid og Valder, medan FK Sykkylven var det einaste laget ein ikkje greidde å ta poeng mot. Vi har sett på korleis poenga kom.

Les mer: Slik kom poenga!

   

Hareid og Godøy spådde best!

Medan Skarbøvik var best på bana var Hareid og Godøy dei beste tipparane før sesongstart. Det var likevel ingen som tippa riktig vinnar av divisjonen. Heller ikkje 2. plassen hadde nokon riktig. Det viser kor uforutsigbar denne divisjonen er. Botnen var langt lettare å tippe der Skodje og Stranda innfridde. Dei to siste åra har vist at det er eit gap mellom dei to som kjem opp frå 5. divisjon og dei vanlege 4. divisjonstravarane.

Her er tipsa som vi registrerte i vår. Vi har gitt 12 poeng for riktig plassering, 11 poeng for ein plass unna, osv. Hareid og Godøy har begge 112 poeng, men Hareid har tre heilt riktige mot Godøy sine to.

Hareid 112 Godøy 112 Emblem 110
1. Emblem 9 Emblem 9 Emblem 9
2. Godøy 11 Godøy 11 Valder 4
3. Valder 5 Valder 5 Godøy 12
4. Norborg 9 Langevåg 10 Langevåg 10
5. Skarbøvik 8 Norborg 10 Ørsta 8
6. Langevåg 8 Ørsta 9 Norborg 11
7. Ørsta 10 FK Sykkylven 10 Skarbøvik 6
8. Larsnes/Gursken 12 Skarbøvik 5 Larsnes/Gursken 12
9. Hareid 9 Larsnes/Gursken 11 FK Sykkylven 8
10. FK Sykkylven 7 Hareid 8 Hareid 8
11. Skodje 12 Skodje 12 Stranda 11
12. Stranda 12 Stranda 12 Skodje 11








Nordre 106 Nordicbet 106 Skodje 104
1. Emblem 9 Emblem 9 Emblem 9
2. Godøy 11 Valder 4 Godøy 11
3. Valder 5 Godøy 12 Valder 5
4. Larsnes/Gursken 8 Larsnes/Gursken 8 Larsnes/Gursken 8
5. Langevåg 9 Norborg 10 Ørsta 8
6. Ørsta 9 Langevåg 8 Norborg 11
7. Norborg 12 Skarbøvik 6 Langevåg 7
8. FK Sykkylven 9 Ørsta 11 FK Sykkylven 9
9. Hareid 9 Hareid 9 Hareid 9
10. Skodje 11 FK Sykkylven 7 Skarbøvik 3
11. Skarbøvik 2 Stranda 11 Skodje 12
12. Stranda 12 Skodje 11 Stranda 12
   

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL

Kalender

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann