onsdag, september 20, 2017
   
Text Size
Feil

Nettsida oppe og går igjen

norborg.com vart angrepet av hackere og enkelte filer vart infisert slik at Google valgte å "stenge" sida. No er nettsida "reingjort", men for å unngå å gjere sida lett å hacke så er visse områder "låst". Bilete på sida vil ikkje visast og det vil heller ikkje bli lagt ut nye bilete med det første.
 

Treningskamp mot Tomrefjord onsdag kl. 19

Norborg vil gjere eit forsøk på å ta revansje over Tomrefjord etter at ein tapte heile 2-9 for eitt år sidan. Romsdalingane angreip då med stort tempo og fekk det lett mot eit Norborg-lag i total oppløysing. Mykje har skjedd sidan då. Berre fire av dei som starta for eitt år sidan er aktuell for ei startoppstilling onsdag kveld. Faktisk har det skjedd så mykje at Kristian Søviknes er inne i si andre periode som trenar for laget etter at han tok over etter fjorårets oppgjer mellom laga. Tarjei Urkedal har vel også rukke å lagt opp og gjort comeback nokre gongar. Men viktigst av alt. Unge spelarar har utvikla seg positivt og unge spelarar har kome til klubben og styrka laget. Så sjølv om dette er fjerde kampen på under to veke, så skal Norborg gi Tomrefjord langt betre motstand enn i fjor.

Tomrefjord kom til slutt på 5. plass i 4. divisjon Nordmøre/Romsdal. Laget var divisjonens gjerrigaste med berre 20 mål i mot på 22 kampar.  Ken Robin Hildre vart toppscorar med 19 mål. Han scora for øvreg 3 mål i fjorårets oppgjer. Laget spelte 1-1 mot Blindheim i sist kamp.

Dommar: Geir Ove Grønli
Assistentar: Marcus Grytten og Arve Toven
   

Skogvoll og Vatneødegård signerte for Norborg

Nyvalgt sportsleg leiar Kristoffer Søviknes fekk i dag underskrifta til Stian Grytten Skogvoll (19) og Matias Mork Vatneødegård (18). Begge har trent og spelt kampar med Norborg i vinter medan dei venta på kva som skjedde med moderklubb Ravn sitt A-lag.

Stian spelte for Norborg også i 2015 og fekk då 11 A-kampar. Han er frå Hellestranda, men har mor frå Grytastranda. Han er ein rask spelar som først og fremst er å finne på høgreback. Vi ønsker han velkomen tilbake til Norborg.

Matias er frå Vatne og er ein kreativ midtbanespelar med ein særs god venstrefot. Han har i løpet av vinteren utvikla sitt fysiske spel og har vore blant dei beste spelarane på Norborg i dei tre kampane vi har sett. Vi ønsker han velkomen til Norborg.    


Sportsleg leiar Kristoffer Søviknes er særs nøgd med at Stian Grytten Skogvoll og Matias Mork Vatneødegård signerer for Norborg.
   

Ny storsiger i Spania

Norborg - Årvoll 7-1 (5-0)
Treningskamp, Albir, 23.02.2017

1-0 Jesper Vos (6)
2-0 Ole Johan Urke (10)
3-0 Magnus Austbø Seth (15)
4-0 Ole Johan Urke (31)
5-0 Ole Johan Urke (44)
6-0 Tor Abelseth (54)
6-1 ? (66)
7-1 Nikolas Fjørtoft (str. 68)

Norborg håpte på tøff motstand då fjorårets 4. divisjonsvinnar i Oslo stod på motsett halvdel, men Årvoll vart sendt heim som slakt og Norborg scora 7 mål i sin tredje kamp på rad. Ole Johan Urke vart dagens mann då han scora tre mål på den omgangen han spelte. Alle på vakre skot frå distanse.

- Ei god økt og gjennomføring av oss, sa trenar Kristian Søviknes. Det er vanskeleg å vete kva Årvoll stilte med når vi ikkje kjenner til normalen, men dei stilte med dei spelarane dei har med seg til Spania. Det var ganske ungt, men uansett eldre enn vårt lag. 

Jonas Holmeset og Anders Urkedal debuterte på A-laget. Gledeleg også å sjå Tor Abelseth tilbake på bana etter ein langvarig skade.

Les mer: Ny storsiger i Spania

   

Bergsøy slo Volda

To av dei venta topplaga i 4. divisjon målte i kveld krefter på Volda stadion. Etter 0-0 ved pause vann Bergsøy 2-0 over heimelaget.

Treningskamptabell
   

Storsiger i Spania

Norborg - Emmen United (Sveits) 7-1 (3-1)
Albir, 20.02.2017

1-0 Matias Vatneødegård (3)
1-1 ? (9)
2-1 Nikolas Fjørtoft (12)
3-1 Magnus Austbø Seth (37)
4-1 Nikolas Fjørtoft (48)
5-1 Magnus Austbø Seth (61)
6-1 Nikolas Fjørtoft (63)
7-1 Magnus Austbø Seth (69)

Etter litt varming, røring og modning så fekk Norborg laga seg ein skikkeleg Emmentalerost med mange hol. Sveitsarane vart ingen målestokk og det var berre snakk om kor stor sigeren skulle bli. Matias Vatneødegård scora det første målet, medan Nikolas Fjørtoft og Magnus Austbø Seth følgde opp med kvart sitt hat-trick.

 - Godt fornøyd med prestasjonen. Spelarane svarer positivt på dei punkta vi har hatt fokus på. Totalt sett så gjennomfører vi ein solid kamp mot eit lag med gode individualister og fysikk, sa trenar Kristian Søviknes.

Les mer: Storsiger i Spania

   

Sveitsisk motstand for Norborg

Norborg er på plass i Albir i Spania og skal måndag møte eit lag frå Emmen som spelar i sveitsisk 3. liga. Etter det vi tolker det sveitsiske systemet så er det nivå 6. I 2014, då Norborg sist var i Spania, møtte ein også sveitsisk motstand. Då vann ein 4-3 over Wünnewil (4. liga) og tapte 1-4 for FC Kickers Luzern (2. liga). Kampstart mot Emmen er kl. 1630.

Treningskamp søndag:

Spjelkavik - Langevåg 7-0 (2-0)

Treningskamptabell
   

Offensiv fotball på Skøye

Skodje - Norborg 5-7 (3-2)
Treningskamp, Skodje kgb, 16.02.2017

Sjansar: 7-16
Cornere: 6-8

0-1 Jesper Vos (8)
1-1 Eivind Erstad (17)
2-1 Eivind Erstad (23)
3-1 Jan Erik Hellevik (37)
3-2 Magnus Austbø Seth (38)
4-2 Christoffer Bårdsgjære (53)
4-3 Magnus Austbø Seth (65)
4-4 Magnus Austbø Seth (str. 73)
4-5 Trond Espen Rogne (78)
4-6 Nikolas Fjørtoft (84)
5-6 Casper Orvik 87)
5-7 Matias Vatneødegård (90)

Skodje yppa seg mot Norborg og leia ved halvtid, men i 2. omgang eigde Norborg kampen og vann fullt fortent i denne særs målrike kampen. Medan det før pause vart mykje føring av ball, fekk ein opp tempoet både på ball og bein etter kvila. Samstundes som ein hadde klumpfot defensivt slik at Skodje var med i kampen i målprotokollen.

Les mer: Offensiv fotball på Skøye

   

Treningskamp mot Skodje torsdag kl. 19

Norborg sitt A-lag spelar i kveld bortekamp mot Skodje.
   

Treningskampar

Søndag:
Volda - Hovebygda 3-0

Måndag:
Rollon - Skarbøvik 1-0

Tysdag:
Godøy - Vestnes Varfjell 1-4
Hødd - Brattvåg 1-2

Treningkamptabell
   

Norborg slo Midsund

Norborg - Midsund 5-4 (2-3)
Treningskamp, Uggedal KGB, 08.02.2017

Sjansar: 12-10
Cornere: 9-6

1-0 Magnus Austbø Seth (6)
1-1 John Arne Øien (10)
2-1 Magnus Austbø Seth (16)
2-2 John Arne Øien (27)
2-3 Johannes Sjøvik (42)
3-3 Ole Johan Urke (51)
4-3 Nikolas Fjørtoft (63)
4-4 Simen Tangen (72)
5-4 Nikolas Fjørtoft (78)

Laga veksla på å leie, men Norborg stakk til slutt av med sigeren i denne målrike kampen mot Midsund. Norborg kom best i gong, men det var likevel heilt greit at Midsund gjekk til pause med leiing. Den gode defensive organiseringa og innsatsen ein såg sist veke mot Brattvåg, var borte mot romsdalingane. Etter kvila heva Norborg seg og snudde kampen takka vere tidvis godt angrepsspel.  

Trenar Kristian Søviknes var ikkje nøgd med gjennomføringa av kampen. - Vi har lite dynamikk og er svake kollektivt heile kampen. Vi er i store perioder av kampen alt for nær botnnivået enn toppnivået vårt. I første gir vi Midsund for mykje rom og gunstige ballvinninger høgt i banen. I andre opptrer vi litt meir samla, men det sklir gradvis frå kvarandre utover i omgangen. Det positive er at vi vinn kampen og scorer fem mål på ein middels dag. Vi får fortsette å jobbe på treningsfeltet for å heve botnnivået vårt.

Les mer: Norborg slo Midsund

   

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL

Kalender

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann