tirsdag, mai 30, 2017
   
Text Size
Feil

Held fram med 12 lag i 4. divisjon

Sjølv om det var fleirtal blant klubbane (26-20) for utviding av 4. divisjon til 14 lag, så sørga styremedlemane til Sunnmøre fotballkrets for at stemminga enda 26-26. Ved uavgjort så blir forslaget ein stemmer over nedstemt. Ein held difor fram med 12 lag i 4. divisjon. 

4. divisjon blir altså slik: Norborg, Godøy, Larsnes/Gursken, Skarbøvik, Langevåg, Hødd2, FK Sykkylven, Bergsøy, Hareid, Volda, Emblem og Rollon.
 

Stem på "Snes" som årets eldsjel!

Nordre har presentert årets kandidatar til "Årets eldsjel". Der finn vi vår eigen Kristian Holmeset Søviknes. Trenar for G19, leiar i Norborg anleggsutvikling, medlem av sportsleg utval, spelar og stort sett ein finger med i det meste som skjer i Norborg si fotballgruppe.

I Nordre står følgjande: Søviknes har vore og er ein primus motor for IL Norborg fotball. Han har stått på i årevis for klubben, og var mellom anna ein av pådrivarane til anlegget i Uggedalen. Takka vere han, med hjelparar, har IL Norborg eit kjempeflott anlegg. Søviknes har betydd mykje for heile klubben både som trenar, styremedlem og aktiv spelar. Han har eit fantastisk lag med ungdommen, og er ein positiv og energisk person som får til mykje.

Slik stemmer du:

Send H2 til mobil 958 58 475 eller ring 70 20 84 82 innan torsdag 15. desember.
   

Grytten til Fjørtoft

Fjørtoft har også gjort ei tredje signering frå Norborg den siste veka, og denne gong er det ein som har hatt fotballskoa ganske langt fram i skapet også i 2016. Klubbkjempa Steffen Grytten (32) med sine 296 A-kampar for Norborg har nemleg valgt å forlate dei oransje til fordel Fjørtoft. Steffen forklarer overgongen med at han i Norborg må vere med å trene fotball jamleg for å få plass på laget. Det er noko han ikkje ønsker å prioritere, og han vil heller ikkje vere med å trene sporadisk for så å kanskje ta plassen til ein junior. - Då er det betre at junioren blir satsa på, seie Grytten.

Steffen debuterte før norborg.com si tid, i alle fall nokre veke før heimesida kom ut på verdsveven. Vi har dermed ikkje heilt eksakt A-debut. Det vi veit er at han vart tatt opp i A-stallen i januar 2001 og scora sitt første mål i ein vinterseriekamp i Sunnmørshallen mot Giske den vinteren. Debuten kan ha kome nokre veke før mot Blindheim/Emblem. Det første seriemålet kom borte mot Åheim 8. juni 2002. Gjennom desse to ti-åra så har Steffen spelt i samtlege posisjonar på laget. Hausten 2002 var han keeper på laget som tok KM-tittelen i 5. divisjon. KM-tittel vart det også i 2008 då Norborg vann 4. divisjon. 17. april 2009 skreiv han seg inn i historiebøkene då han scora Norborg sitt første mål nokonsinne i 3. divisjon. 36 sekund tok det før ballen låg i nota bak Hareid sin keeper.

Etter 2009 sesongen trappa Steffen ned og var berre sporadisk med før han satsa litt meir igjen i 2015. I år var han med i 10 seriekampar og scora 2 mål. Totalt vart det 296 kampar og 57 mål. Det siste målet kom i hans siste kamp for Norborg. Heime mot Emblem 13. oktober.

Vi takker Steffen for innsatsen og mange gode minner!


Steffen etter fjorårets kamp mot Ørsta der han scora to mål frå sin posisjon som høgreback.

   

Håbet og Sundnes frå Norborg til Fjørtoft

Fjørtoft har ikkje lagt bort støvkosten endå og har signert nye spelarar frå Norborg. Før helga signerte Adrian Håbet (27) overgongspapira. Han spelte sin siste kamp for Norborg i fjor, nærmare bestemt 29. april 2015 borte mot Langevåg. Totalt vart det 172 A-kampar og 54 mål sidan debuten mot Molde jr. 7. april 2004. Vi ønsker han lykke til vidare.

Martin Sundnes (30) har også valgt å signere for Fjørtoft. Han spelte ikkje kampar for Norborg i år, men leverte 4 mål på 3 kampar hausten 2015. Eit utvilsamt varp på overgongsmarknaden om helsa held. Vi ønsker han lykke til.
   

G19: Samarbeidsprosjektet godkjent for 2017!

Sunnmøre fotballkrets har godkjent Norborg, Ravn og Harøy sin søknad om felles juniorlag for sesongen 2017 med Norborg som ansvarleg klubb.
   

G19: Vinterkvalik utan Norborg

Norborg G19 har takka ja til Sunnmøre fotballkrets sitt tilbod om spel i neste års 1. divisjon. Som eit av dei fire beste laga i årets 1. divisjon så fekk Norborg automatisk plass i 1. divisjon om ein ville det. Det sa Norborg ja til, og kan førebu seg til seriestart utan press.
   

Fredag ny kampdag i 4. divisjon

Sunnmøre fotballkrets har kome med melding om kampdagar for sesongen 2017. Det blir som følgjer:

4. divisjon menn: Fredagar
5. divisjon menn: Torsdagar
6. divisjon menn: Onsdagar
3. divisjon kvinner: Onsdagar
   

Adelskalenderen oppdatert for 2016

Siste A-kamp er spelt for i år og vi har oppdatert Adelskalenderen. Det var i år 7 debutantar, og vi er no oppe i totalt 325 ulike spelarar med A-kampar for Norborg. Dei sju som debuterte i år var Tor Abelseth, Jonas Finstad Austnes, Marius Finstad Austnes, Magnus Austbø Seth, Anders Toven, Nikolas Fjørtoft og Magnus Jenssen.

Det er få endringar i toppen av lista. Øverst troner Tarjei Gjerset Urkedal med sine 529 kampar. Han spelte totalt 16 kampar i år. På 2. plass er Kristian Holmeset Søviknes med 468 kampar. Han spelte totalt 21 kampar i år. Stein Erik Reitan er førebels på ein trygg 3. plass med sine 426 kampar. 12 kampar framom han som først nådde 400 kampar i Norborg-trøya, Svein Gjerset.

Kristoffer Holmeset Søviknes passerte Kåre Nogva og er på 8. plass med sine 312 kampar. Ole Johan Urke passerte Roger Grytten (279) og Steffen Grytten (296) og er inne på 10. plass med sine 301 kampar. Av andre aktive så klatra Christian Sæther frå 27. til 21. plass, og er med sine 243 kampar berre ein kamp unna Geir Ove Grønli på 20. plass.

Heile Adelskalenderen finn du her.
   

Norborg J8

Beklageligvis ble det en feil i programbladet vårt i år, og J8 laget kom ikke med i bladet. Dette beklager vi ovenfor jentene som har gjort en flott innsats og representert Norborg på en god måte gjennom sesongen 2016.


Bak fra venstre: Stian Volstad(trener), Aileen Risbakk-Solheim, Amalie Jenssen Hildre, Linnea Jenssen Eidsvik, Ane Hedda Hildrestrand Grande, Linnea Evelin Strid Midtlid, Ida Hansen Sandbakk, Madikken Strid Midtlid, Silje Helén Søvik (lagleder)
Framme fra venstre: Celine Helén Solvang Søvik, Martine Ringstad Midtlid, Zara Volstad

   

Fjørtoft forsterker med Norborg-spelarar

Dei som trudde at Fjørtoft skulle bestå av berre gamle fjørtoftingar og etterkomarar av dei må tenke om igjen. Klubbleiinga er nemleg særs aktive inne på fastlandet og jaktar både aktive og avdanka spelarar, som vi tvilar på er ein del av slektstreet til familiane ute på tørva. To spelarar som står i Norborg har no skreve under for dei kvite og blå i havgapet. Dei to er Skjalg Volstad og Torgeir Garshol.

Skjalg Håhjem Volstad (25) var eit av Norborg sine største talent for nokre år tilbake. Volstad spelte 133 A-kampar og scora 26 gongar for Norborg i perioden 2007 til 2014. Han fekk sin debut i ein treningskamp mot Stranda 8. mars 2007 og spelte sin siste A-kamp 27. februar 2014 mot Kickers Luzern på treningsleir i Tyrkia. Den siste seriekampen kom mot Langevåg 16. august 2012. Volstad har dei siste åra studert i Bergen, men har no flytta heim til Terøya. Vi ønsker han lykke til på Fjørtoft, håper helsa held og at han kjem i så god form at vi ser han i Norborg-trøya til hausten Smile.

Torgeir Finnanger Garshol (27) meldte overgong frå Brattvåg til Norborg før 2011 sesongen og fekk totalt 19 A-kampar i den oransje trøya. Han debuterte i 5-1 sigeren over Emblem 28. januar 2011, medan den siste kom 9. august 2012 mot MSIL før han reiste til Bergen for å studere. Garshol har ingen mål for A-laget, men scora 3 mål på 7 kampar for 2. laget i 5. divisjon i 2011. Vi ønsker han lykke til på Fjørtoft.
   

Nordang til Fjørtoft

Som dei fleste veit så har Hans Edvard Nordang (26) meldt overgong frå Norborg til Fjørtoft. Nordang er kanskje den fremste drivkrafta bak Fjørtoft sitt comeback i 6. divisjon. Nordang kom til Norborg frå Brattvåg våren 2010 og fekk sin debut 4. juni då han kom inn til 2. omgang i 2-0 sigeren over Valder. "Debutant Hans Edvard Nordang kunne fått ein pangstart i den oransje trøya, men keeper Mathias Mauren Richardsen redda avslutninga frå kloss hald. Nordang gjorde likevel ein flott debut og viste god duellstyrke og bra teknikk", skreiv vi den gong.

Totalt har det blitt 164 kampar, 31 mål og 1 KM-tittel i 4. divisjon på fjørtoftingen i Norborg-trøya. Vi takker Hans Edvard for innsatsen og ønsker han lykke til vidare.


Hans Edvard Nordang (t.v.) scora sitt siste mål for Norborg då han hjalp laget til 4-2 siger borte mot Valder i haust. Valder var også laget han debuterte mot i 2010.
   

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL

Kalender

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann