mandag, juli 24, 2017
   
Text Size
Feil

Kom til kort mot Stranda

Norborg - Stranda 0-1 (0-1)
Treningskamp, Uggedal KGB, 15.03.2017

Sjansar: 5-4
Hjørnespark: 8-0

0-1 Michal Bernat (44)

Laga hadde kvar omgang i vinden på Uggedal KGB onsdag kveld. Stranda hadde sjansane før pause sjølv om Norborg hadde ballen mest. Det gjekk likevel for seint med dei oransje til at det vart skapt det heilt store framfor Stranda sitt mål. I 2. omgang hadde Norborg ballen stort sett heile tida, men trass nokre store sjansar, greidde ein aldri å få ballen i nota. Dermed stoppa rekka på 6 kampar utan tap.

-Varierande prestasjon kampen gjennom. I perioder opptrer vi som Stranda sin beste spelar med å servere dei sjansar på gullfat. I andre perioder ser vi igjen det vi øver på, men vi slit med gjennomføringen på siste tredjedel der Stranda hadde parkert bussen sin. Sum summarum så får vi ta med kampen som ei god læring og fortsette å jobbe med det vi har starta på. Vi mista i alle fall ikkje trua på oss sjølv av dette, sa trenar Kristian Søviknes.

Les mer: Kom til kort mot Stranda

 

Treningskamp mot Stranda onsdag kl. 19

Norborg tek onsdag kveld imot Stranda til treningskamp i Uggedalen. Dette er Norborg sin 8. treningskamp denne vinteren, medan Stranda berre spelar sin andre. Kampforma til Norborg bør dermed vere betre, og sidan ein ikkje har slått Stranda sidan 10-0 sigeren i 2014, så bør også motivasjonen vere på topp. Sjølv om Stranda enda sist i fjorårets 4. divisjon tok dei 4 av sine 12 poeng mot Norborg etter 3-3 i Uggedalen og 2-1 siger på Stranda. Stranda vann sin første treningskamp med 5-0 over MSIL.

Norborg har bøtta inn mål i sine sju første kampar, men møter denne gong eit lag som likar å forsvare eige målområde. Vi ser for oss ein kamp der Norborg vil spele mykje mot etablert forsvar. Så får vi sjå om ein får opp tempoet på ball. Det greidde ein ikkje i fjor, men vi har tru på at årets lag har desse kvalitetane.

Frå 3-3 kampen mot Varfjell går Tarjei Urkedal, Jesper Vos, Elias Søvik Gunnarsson og Sander Harnes ut av troppen, medan Magnus Austbø Seth, Kjell Terje Brusdal og Magnus Jenssen er tilbake. Jenssen spelar sin første kamp for året etter skade.

Dommar: Geir Ove Grønli
Assistentar: Marcus Grytten og Lars Mikalsen
   

Treningskampar

Laurdag:
Skarbøvik - Kristiansund FK 1-0

Torsdag:
Godøy - Emblem 0-2
Hareid - Hovdebygda 2-0
Herd - Rollon 2-1

Treningskamptabell
   

Uavgjort på Vestnes

Vestnes Varfjell - Norborg 3-3 (2-1)
Vestnes Idrettspark, 08.03.2017

0-1 Nikolas Fjørtoft (5)
1-1 ? (21)
2-1 ? (22)
2-2 Nikolas Fjørtoft (47)
2-3 Stian Grytten Skogvoll (57)
3-3 ? (75)

Som vanleg målrikt når Vestnes Varfjell og Norborg møtast. Norborg stilte med omtrent eit reint juniorlag frå start og hadde ein snittalder på 19,2 år. Med toppscorar Magnus Seth borte såg Nikolas Fjørtoft sjansen til å knappe inn på Seth sitt forsprang. Han scora Norborg sine to første mål, og er no oppe i totalt 10 mål i vinter. To bak Seth. Stian Skogvoll scora sitt første A-lagsmål for Norborg då han sette inn 2-3 leiing knappe kvarteret ut i 2. omgang. Heimelaget redda 3-3 kvarteret før slutt i ein omgang Norborg styrte.

Les mer: Uavgjort på Vestnes

   

Treningskamp mot Vestnes Varfjell onsdag kl. 19

Norborg tek onsdag turen til Vestnes for ny treningskamp. Det har blitt obligatorisk at desse to laga møtast til kamp i oppkjøringa til ein ny sesong. I mange år var Varfjell den store sigersherren, men no står Norborg med tre strake sigrar. I fjor vart det 3-2 i siste treningskamp før seriestart. Begge lag har hatt ei ganske lik utvikling sidan møtet for 11 månader sidan. Begge hadde ein tøff vår, men viste meir positive takter på hausten. Ikkje minst Norborg som kom seg heilt opp på ein 7. plass. Vestnes Varfjell kom på 10. plass i 4. divisjon Nordmøre/Romsdal. I vinter har dei hatt få problem med å slå Skodje og Godøy, medan det sist vart eit knepent tap for divisjonskollega Eidsvåg.

Medan sist treningskamp mot Tomrefjord var veldig tett og sjansefattig er det venta å bli ein meir open og underholdande kamp mot Varfjell. Varfjell er gode offensivt, men normalt ikkje så kyniske defensivt.

Norborg får tilbake Matias Vatneødegård og Jesper Vos frå sist kamp, medan Joakim Kjærstad og toppscorer Magnus Seth ikkje er med denne gong.  
   

Odds 4. divisjon Sunnmøre

Nordicbet er som vanleg tidleg ute med odds på 4. divisjon. I det som truleg er tidenes beste 4. divisjon avd. Sunnmøre så er Bergsøy favoritt med 1.55 i odds, med Volda (4.00) og Rollon (6.50) som nærmaste utfordrarar. Fjorårsvinnar Skarbøvik (10.50) er plassert på 4. plass. Norborg er plassert på 9. plass med 24 i odds. Likevel med same som Godøy og Emblem på 7. og 8. plass. Bak Norborg finn vi Hareid og Larsnes/Gursken med 45 i odds, og aller sist FK Sykkylven med 75. FKS hadde ein god fjorårssesong og kom på 5. plass, men Nordicbet spår altså ein særs tøff sesong for dei mørkeblå no når divisjonen er spissa endå meir enn før. Vinnaren av divisjonen vil vere Sunnmøre sitt 7. beste fotballag. Då Norborg vann divisjonen i 2008 var ein Sunnmøre sitt 16. beste lag.

Bergsøy 1.50
Volda 4.00
Rollon 6.50
Skarbøvik 10.50
Hødd2 14.50
Langevåg 19.50
Godøy 24.00
Emblem 24.00
Norborg 24.00
Hareid 45.00
Larsnes/Gursken 45.00
FK Sykkylven 75.00
   

Treningskampar

Med dagens kamp mellom Bergsøy og Larsnes/Gursken har alle laga i 4. divisjon spelt treningskampar i vinter. Bergsøy vann kampen 2-1 etter å ha leia 2-0 ved pause. Volda testa også forma i dag og spelte 3-3 mot Eid (4. divisjon SF) etter ein trøblete start på kampen.

Onsdag:
Skarbøvik - Emblem 3-3
Langevåg - Rollon 2-6
Bergsøy - Hødd2 1-1

Torsdag:
FK Sykkylven - Godøy 1-0

Fredag:
Hareid - ÅVK 1-0

Laurdag:
Volda - Eid 3-3
Bergsøy-Larsnes/Gursken 2-1

Treningskamptabell
   

Seriestart 2. påskedag - treningskamp flytta

G19 si terminliste er klar og Norborg/Ravn/Harøy startar heime mot Ørsta 2. påskedag før ein tek turen til Emblem måndag 24. april. Siste kamp er heime mot FK Sykkylven måndag 23. oktober. Den tidlege seriestarten førte til at Norborg sitt A-lag måtte flytte sin treningskamp mot Midsund fram til onsdag 12. april.

Terminliste G19
   

Fekk sin revansje over Tomrefjord

Norborg - Tomrefjord 2-1 (0-1)
Treningskamp Uggedal KGB, 01.03.2017

Sjansar: 3-5
Cornere: 7-2

0-1 Erlend Søberg (32)
1-1 Magnus Austbø Seth (54)
2-1 Magnus Austbø Seth (str. 76)

Norborg har bøtta inn mål i det siste, men sleit med å skape sjansar mot eit godt organisert og arbeidsamt lag frå Tomrefjord. Gjestane hadde kontroll på kampen før pause og leia fortent. I 2. omgang heva Norborg seg og fekk kontroll defensivt. Ein sleit fortsatt med å skape sjansar, men skapte nok til å snu kampen til siger. Ein fekk dermed revansjert fjorårets 2-9 tap.

- God øvingsøkt for oss. Vi slit litt med avstandar i første som vi får justert betre i andre omgang. Godt nøgd med at oss vinn og gjenskape mykje av det vi øver på mot eit godt organisert Tomrefjord-lag med gode kvaliteter, sa trenar Kristian Søviknes.

Les mer: Fekk sin revansje over Tomrefjord

   

Nettsida oppe og går igjen

norborg.com vart angrepet av hackere og enkelte filer vart infisert slik at Google valgte å "stenge" sida. No er nettsida "reingjort", men for å unngå å gjere sida lett å hacke så er visse områder "låst". Bilete på sida vil ikkje visast og det vil heller ikkje bli lagt ut nye bilete med det første.
   

Treningskamp mot Tomrefjord onsdag kl. 19

Norborg vil gjere eit forsøk på å ta revansje over Tomrefjord etter at ein tapte heile 2-9 for eitt år sidan. Romsdalingane angreip då med stort tempo og fekk det lett mot eit Norborg-lag i total oppløysing. Mykje har skjedd sidan då. Berre fire av dei som starta for eitt år sidan er aktuell for ei startoppstilling onsdag kveld. Faktisk har det skjedd så mykje at Kristian Søviknes er inne i si andre periode som trenar for laget etter at han tok over etter fjorårets oppgjer mellom laga. Tarjei Urkedal har vel også rukke å lagt opp og gjort comeback nokre gongar. Men viktigst av alt. Unge spelarar har utvikla seg positivt og unge spelarar har kome til klubben og styrka laget. Så sjølv om dette er fjerde kampen på under to veke, så skal Norborg gi Tomrefjord langt betre motstand enn i fjor.

Tomrefjord kom til slutt på 5. plass i 4. divisjon Nordmøre/Romsdal. Laget var divisjonens gjerrigaste med berre 20 mål i mot på 22 kampar.  Ken Robin Hildre vart toppscorar med 19 mål. Han scora for øvreg 3 mål i fjorårets oppgjer. Laget spelte 1-1 mot Blindheim i sist kamp.

Dommar: Geir Ove Grønli
Assistentar: Marcus Grytten og Arve Toven
   

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL

Kalender

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann