søndag, november 19, 2017
   
Text Size
Feil

Heimekamp mot Skarbøvik fredag kl. 1830

Norborg tek imot Skarbøvik fredag kl. 1830 til årets første graskamp i Uggedalen. Begge lag kunne nok ha ønska seg ein betre start på sesongen og treng tre poeng i denne kampen for å ha heng med laga over midten, og ikkje minst få eit pusterom til tabellbotnen.

Norborg ønsker Tarjei Urkedal og Jesper Vos tilbake på laget. Urkedal har berre spelt ein kamp hittil, medan Vos har vore ute med skade sidan mars. Matias Vatneødegård stod over med sjukdom sist, men er no frisk og tilbake på laget. Dermed lysnar det for Norborg.

Norborg og Skarbøvik har ei kort historie i lag. Dette er berre tredje sesongen ein er i same divisjon. På desse fire kampane, samt eit par treningskampar, så har det aldri blitt heimesiger verken i Uggedalen eller på Siffen. Like før påske vann Norborg 4-3 på Siffen.

Dommar: Martin Solheim (Spjelkavik)
Assistentar: Norvald Lausund (Lepsøy) og Ole Petter Stenberg (Sunnylven)
 

Juniorlaget tok sin fjerde strake siger

Norborg/Ravn/Harøy - Spjelkavik 2-1 (0-0)
G19, 1. divisjon, Uggedal stadion, 15.05.2017

1-0 Illya Pekarskiy (59)
2-0 Magnus Seth (77)
2-1 ? (81)

No/Ra/Ha tok sin fjerde strake siger i 1. divisjon og har tabelltoppen for seg sjølve.

Les mer: Juniorlaget tok sin fjerde strake siger

   

Tøft møte med Hødd2

Hødd 2. lag - Norborg 7-1 (5-1)
4. divisjon, Høddvoll, 12.05.2017

Sjansar: 13-5
Cornere: 10-3

1-0 Isak Haanes (11)
2-0 Preben Sætre (17)
3-0 Isak Haanes (18)
3-1 Sjølvmål (20)
4-1 Håkon Brautaset (29)
5-1 Sander Djupvik (38)
6-1 Andreas Breimyr (76)
7-1 Isak Haanes (88)

Norborg fekk det som venta tøft mot divisjonens topplag. Etter ein brukbar start rann måla inn i ein halvtimes periode før pause. I 2. omgang stod Norborg lenge godt imot heimelaget sine kvikke og tekniske spelarar, men nye personlege feil det siste kvarteret gjorde at ein ikkje greidde målet om å halde nullen etter pause.

Les mer: Tøft møte med Hødd2

   

Bortekamp mot Hødd2 fredag kl. 1830

Norborg gjekk på ein skikkeleg smell i sist kamp og no står topplaget Hødd2 for tur på Høddvoll. Det som er sikkert er at vårt unge mannskap denne gong har null press på seg. Vi veit i skrivande stund ikkje troppen, men Kristoffer Søviknes er tilbake frå karantene og vil bidra med sårt tiltrengt duellkraft.

Andre kampar:
Torsdag:
FK Sykkylven - Emblem 2-1 (1-1)
Skarbøvik - Rollon 3-3 (1-3)
Fredag:
Bergsøy - Langevåg 7-0 (6-0)
Larsnes/Gursken - Hareid 1-1 (1-0)
Volda - Godøy 4-0 (1-0)
   

Juniorane med sterk bortesiger

Bergsøy - Norborg/Ravn/Harøy 1-3 (1-1)
G19 1. divisjon, 09.05.2017

1-0 (26)
1-1 Magnus Austbø Seth (43)
1-2 Magnus Austbø Seth (78)
1-3 Ruben Holmeset (90)

NoRaHa tok sin tredje strake siger for året då fjorårets krinsmeister vart satt på plass.

Les mer: Juniorane med sterk bortesiger

   

4. divisjon 3. serierunde

Måndag:
Rollon - Hødd2 1-4 (1-2)

Fredag:
Hareid - FK Sykkylven 1-1 (1-0)
Bergsøy - Volda 2-2 (0-1)

Torsdag:
Norborg - Larsnes/Gursken 1-5 (1-2)
Langevåg - Emblem 0-3 (0-2)
Godøy - Skarbøvik 1-1 (0-1)
   

Fekk juling i eiga borg

Norborg - Larsnes/Gursken 1-5 (1-2)
4. divisjon, Uggedal KGB, 04.05.2017

Sjansar: 3-12
Cornere: 3-8

1-0 Magnus Austbø Seth (15)
1-1 Anders Vaagen (21)
1-2 Tor-Jørgen Kleppe (26)
1-3 Jan Petter Mork (66)
1-4 Anders Vaagen (71)
1-5 Henrik Eidheim (89)

Norborg tok leiinga, men vart etter kvart nokre nummer for små mot det rutinerte laget frå Sande. Gjestane snudde kampen etter eit par tilfeller av akutt narkolepsi av Norborg på dødball før pause. 2. omgang starta jamnt og Norborg skulle fått sjansen frå straffemerket då bursdagsguten Matias Vatneødegård vart lagt i bakken, men utruleg nok vart det ikkje dømt. I staden aukar gjestane til 1-3. Norborg har då lite å stille opp med og Gulars fekk gjere som dei ville.

Les mer: Fekk juling i eiga borg

   

Heimekamp mot Larsnes/Gursken torsdag kl. 1830

Norborg tek imot Larsnes/Gursken på Uggedal stadion torsdag kl. 1830.

Dommar: Haakon Javier Tronstad (Valder)
Assistentar: Øyvind Kringstad (Valder) / Jonny Dyb (Giske)

Andre kampar:
Langevåg - Emblem (U)
Godøy - Skarbøvik (B)
Hareid - FK Sykkylven Fredag (H)
Bergsøy - Volda Fredag (U)
Rollon - Hødd2 Måndag (H)
   

4. divisjon: 2. serierunde

Fredag:
Larsnes/Gursken - Rollon 1-3 (0-0)
Emblem - Hareid 0-1 (0-1)
FK Sykkylven - Norborg 1-1 (1-1)

Laurdag:
Skarbøvik - Bergsøy 3-3 (1-1)
Langevåg - Volda 1-3 (0-1)

Måndag:
Hødd2 - Godøy 5-0 (2-0)

Tabell
   

Kapra med seg eitt poeng mot FK Sykkylven

FK Sykkylven - Norborg 1-1 (1-1)
4. divisjon, Ikornnes KGB, 28.04.2017

Sjansar: 7-4
Cornere: 12-3

1-0 Bengt Hole Alnes (14)
1-1 Nikolas Fjørtoft (18)

Norborg fekk med seg eitt poeng i den tøffe bortekampen mot FK Sykkylven. Gutane jobba godt defensivt, men sleit med det offensive spelet.

Les mer: Kapra med seg eitt poeng mot FK Sykkylven

   

Bortekamp mot FK Sykkylven fredag kl. 1830

Norborg sitt herrelag startar langhelga med tur til Ikornnes for å møte FK Sykkylven. "Fake News" er i vinden for tida og det gjeld ikkje minst enkelte nettsider sine omtaler av FK Sykkylven før sesongstart. Det vart hevda at FKS hadde mista det som var av gode spelarar, men samanliknar vi lagoppstillinga deira i årets serieopning opp mot det dei stilte mot Norborg i fjor haust, så ser vi at dette ikkje stemmer. FK Sykkylven stilte langt sterkare no og fekk også med seg eit sterkt bortepoeng mot Rollon. FK Sykkylven var det einaste laget i fjor som vann begge sine kampar over Norborg. I snøvkava på Ikornnes for omtrent eit år sidan fekk ein juling 4-0, medan det vart 2-3 tap i Uggedalen. Bengt Hole Alnes scora 3 av dei mørkeblå sine 7 mål mot Norborg i fjor og er ein mann å passe på.

Norborg stille omtrent som i 2-2 kampen mot Emblem sist. Christian Sæther, Denis Sjåstad og Jonas Holmeset er likevel inne i troppen, medan Tarjei Urkedal ikkje er funne god nok etter å ha tilbrakt eit par veke i Spania. FKS blir knappe favorittar, men på ein god dag så er det absolutt sjansar for Norborg å ta heim sigeren.

Dommar: Roholla Ahmadzai (Langevåg)
Assistentar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg) og Marin Solheim (Spjelkavik)

Andre kampar:
Larsnes/Gursken - Rollon (b)
Emblem - Hareid (h)
Skarbøvik - Bergsøy (b) Laurdag
Langevåg - Volda (b) Laurdag
Hødd2 - Godøy (h) Måndag
   

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL

Kalender

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann