tirsdag, mai 30, 2017
   
Text Size
Feil

Tabelltips 4. divisjon

Det er ein time til 4. divisjon startar og vi slenge ut eit tabelltips.

1. Bergsøy
2. Volda
3. Rollon
4. Hødd2
5. Emblem
6. Skarbøvik
7. Langevåg
8. Hareid
9. Godøy
10. Larsnes/Gursken
11. FK Sykkylven
12. Norborg

Vi er sjølvsagt høfleg nok til å la alle dei andre laga kome framfor Norborg på tabelltipset. Fullt så hyggeleg vil det nok ikkje bli på bana, sjølv om Norborg har vore frykteleg gåvmilde i eiget forsvar i vinter.. Heldigvis har ein tatt meir enn ein har gitt.
 

Serieopning fredag kl. 1830

Norborg sitt A-lag serieopnar heime mot Emblem fredag kl. 1830.

Dommar: Richard Olsen (Åmdal)
Assistentar: Mariell Naustdal (Skodje) / Kristian Standal (Rollon)

Opningsrunda i 4. divisjon:

Godøy - Larsnes/Gursken torsdag kl. 1845 (U)

Fredag:
Volda - Skarbøvik (H)
Bergsøy - Hødd2 (H)
Hareid - Langevåg (U)
Rollon - FK Sykkylven (H)

   

Spår Norborg i botnen

Både Langevåg si uoffisielle nettside og ein twitterkonto kalla Sunnmørsfotballen spår Norborg på 11. plass i årets 4. divisjon. Emblem sin nettstad trur det går litt betre og spår Norborg på 9. plass.
   

G19: God start på sesongen

Norborg/Ravn/Harøy - Ørsta 6-0 (1-0)
G19 1. divisjon, Uggedal KGB, 17.04.2017

1-0 Magnus Seth (22)
2-0 Magnus Seth (60)
3-0 Magnus Seth (63)
4-0 Ruben Holmeset (68)
5-0 Illya Pekarskiy (75)
6-0 Magnus Seth (77)

Heimelaget tok til slutt ein komfortabel siger heime mot Ørsta i seriestarten.

Norborg styrte 1. omgang, men sleit med utteljinga. Det vart med Magnus Seth si kontrollerte heading midtvegs i omgangen. Utanom dette vart det brent ein del klare sjanser i tillegg til at Nikolai Jensen og Stian Skogvoll traff stolpen kvar sin gong.

Andre omgang fortsette som den første med eit overtak til heimelaget, men i denne omgangen skulle ein finne nettmaskene langt oftare. Etter eit mållaust første kvarter putta ein heile fem mål den siste halvtimen. Magnus Seth plussa på med tre mål, Ruben Holmeset stod for kampens flottasste mål, medan Illya Pekarskiy scora sitt første juniormål. 

Neste utfordring for juniorane er borte mot Emblem om ei veke. Emblem opna med 3-2 tap for Bergsøy.

Laget: Szoma, Trond Espen Rogne, Anders Toven, Nikolai Jensen, Stian Skogvoll, Jonas Holmeset (Vidar Nilsen Rogne, 66), Sander Harnes (Anders Urkedal, 28) (Vatneødegård, 81), Marius Austnes (Ruben Holmeset, 66), Matias Vatneødegård (Lars Mikalsen, 70), Magnus Seth, Magnus Jenssen (Illya Pekarskiy, 61)

   

Siger i generalprøva

Midsund - Norborg 1-2 (1-1)
Treningskamp, Skeidvoll KGB, 12.04.2017

Sjansar: 7-4
Cornere: 3-1

0-1 Ole-Kristian Aarseth (6)
1-1 ? (34)
1-2 Ruben Holmeset (75)

Eit nykomponert Norborg hadde marginane på si side og vann generalprøva borte mot Midsund etter mål av grytastrandarane Ole-Kristian Aarseth og Ruben Holmeset, som scora sitt første mål for A-laget. Midsund var nær utlikning i sluttminutta, men kom ikkje nærmare enn eit par avslutningar i stolpen.

Les mer: Siger i generalprøva

   

Generalprøve mot Midsund onsdag kl. 1855

Norborg spelar sin siste treningskamp før serieopninga når ein tek turen til Midsund. Det blir store endrigar i troppen frå sigeren over Skarbøvik sist veke blir det. Marius Austnes, Nikolai Jensen, Nikolas Fjørtoft, Joakim Kjærstad, Anders Toven, Matias Vatneødegård, Stian Skogvoll og Tarjei Urkedal er ikkje med denne gong.

Nye i troppen er Ronald Olsen, Kjell Terje Brusdal, Denis Sjåstad, Ole-Kristian Aarseth, Christian Sæther og nysigneringa Mads Even Hatlehol.

Sistnemnde har signert overgongspapira frå Ravn. Han er 22 år og scora 10 mål på 18 kampar i sin siste sesong. Det siste året har han vore i militæret.

   

Treningskampar veke 15

Tysdag:
Vestnes Varfjell - Godøy 2-0
Hareid - Larsnes/Gursken 2-1
Volda - Brattvåg 3-1

Treningskamptabell
   

Sesongkort!

Du kan no kjøpe sesongkort på Uggedal stadion hos Coop Søvik. Sesongkortet koster 400,- Alle med sesongkort er med i trekninga av flotte premier til ein verdi av 300,- per kamp.

Normal kampbillett koster 70,- Du får dermed 5 kampar gratis ved kjøp av sesongkort.
   

Rollon sin tippeekspert spår Norborg på 8. plass

Rollon si facebookside held på å presenterer sitt tabelltips for 4. divisjon. I dag vart Norborg presentert på ein 8. plass.

https://www.facebook.com/skrollon

   

Fortsette den gode rekka på Siffen

Skarbøvik - Norborg 3-4 (2-2)
Treningskamp, Skarbøvik kgb, 06.04.2017

Sjansar: 13-11
Cornere: 7-3

0-1 Nikolas Fjørtoft (15)
1-1 Kenneth Kjevik (20)
2-1 ? (27)
2-2 Nikolas Fjørtoft (29)
2-3 Magnus Austbø Seth (62)
3-3 ? (68)
3-4 Matias Mork Vatneødegård (87)

Norborg tok heim sigeren over fjorårets KM-vinnar av 4. divisjon då Matias Vatneødegård banka inn 4-3 målet frå 35 meter tre minutt før slutt. Før den tid hadde laga veksla på å leie i ein sjanserik kamp.

Les mer: Fortsette den gode rekka på Siffen

   

Treningskamp mot Skarbøvik

Norborg tek torsdag turen til Siffen for å møte divisjonskollega Skarbøvik. Etter eit par tap mot lag i divisjonen under håper vi på solid innsats og betre konsentrasjon denne gong.
   

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL

Kalender

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann