mandag, februar 19, 2018
   
Text Size
Feil

Kamp mot Rollon flytta

Kampen mellom Rollon og Norborg er flytta frå fredag 23. april til laurdag 24. april kl. 14 sidan Rollon skal ut i cup-kamp på onsdag. Kampen spelast på Ratvika KGB. Rollon held for tida på å legge kunstgras på si grasbane.
 

Nykomarane vann!

3. divisjon fredag:
Herd - Rollon 3-0
Hareid - Godøy 4-3
Stranda - Spjelkavik 2-0
Bergsøy - Valder 2-1

Nykomarane Stranda og Bergsøy vann begge i serieopninga av 3. divisjon. Mario Strecky ga Stranda ein god start med mål allereie før fem minutt var spelt. Kent Runar Vad auka tjue minutt ut i 2. omgang. Bergsøy kom under 0-1 etter at Valder sin unge storscorar Adrian Blindheim fann nettmaskene i det tredje minuttet. Petter Daniel Baade utlikna før pause, medan litauiske Andrius Petreikis sikra tre poeng for heimelaget tolv minutt før slutt. Herd og Hareid vann oppskriftsmessig sine kampar, men Godøy, som er spådd på botnen av nær sagt alle, sjokkopna med å leie 2-0.
   

Bittert poengtap mot erkerivalen

Norborg - Brattvåg 2-2 (1-0)
Norborg KGB, 15.04.10

Sjansar: 10-10

1-0 Ole Johan Urke (44)
1-1 Kristian Grønmyr (56)
2-1 Kristoffer Søviknes (60)
2-2 Martin Sundnes (90+5)

Norborg hadde Brattvåg lenge i kne, men heile fem minutt på overtid var Martin Sundnes som så ofte før på rett plass til rett tid og banka ballen i mål. Utruleg bittert for heimelaget, som stilte seg uforståande til at dommaren la til fem minutt etter at han først signaliserte fire.

Les mer: Bittert poengtap mot erkerivalen

   

Superreserve står fast i Oslo

Norborg slit med få folk for tida grunna jobb, skule og skader. Til kveldens kamp har ein i skrivande stund berre ein reserve ettersom superreserve Audun Mikalsen ikkje rekk kampen grunna oske frå Island som rammar flytrafikken. Norborg si lagleiing er no i forhandlingar med Christian Søvik om eit comeback. - Vi håper at situasjonen betrar seg utover ettermiddagen og at iallfall ein av dei to som har "late fitness-test" kan spele, seier lagleiinga.  

Siste nytt: Christian Søvik stille til kveldens kamp mot Brattvåg. Også Johan Stavik stille seg sjølv til disposisjon.  

   

Booking av møterom

Visst nokon i IL Norborg skal booke møterommet i klubbhuset, så skal dette gjerast i kalenderen her på norborg.com. Husk å velg "Møte" som kategori. Skriv også ned navn og e-postadresse under kontaktdetaljer. 

   

HUSK! Norborg-Brattvåg torsdag kl. 1830

Norborg og Brattvåg møtast til årets første seriekamp torsdag kl. 1830 i Uggedalen. Vél møtt!
   

Brattvåg har tatt initiativet i Uggedalen

I morgen torsdag er det klart for seriestart i 3.divisjon mellom Haramsrivalene Norborg og Brattvåg i Uggedalen kl. 18.30. I kveld møttes lagene sine juniorlag til treningskamp. Brattvåg var det beste laget, og vann 7-5. For mange av Norborg sine spelera var dette første kampen på noen år. Dommera var Skjalg Volstad i 1.omgang og Torbjørn Grytten i 2.omgang.
   

Ny Sunnmørsrekord av Hessa ?

Eit stjernespekka Hessa var i dag tilbake på fotballkartet med seriestart borte mot Harøy.

Les mer: Ny Sunnmørsrekord av Hessa ?

   

Flott start av Blindheim

4. divisjon Sunnmøre tok i kveld til med kampen Blindheim - Åmdal. Heimelaget er av dei fleste "ekspertane" tippa til å vere med "oppi der", medan Åmdal er plassert i botnen. Slik tyda også kveldens kamp, for Blindheim vann 4-0.
   

Keeper Engeset omskolert til toppskårer

Bjørnar Engeset var i mange år ein dyktig gute og juniorkeeper på Norborg. Herrelaget var han også innom, og mange husker nok hans gode kamp mot Godøy i Uggedalen for noen år sidan.

Les mer: Keeper Engeset omskolert til toppskårer

   

Feil i kalenderen

Det har dukka opp ein feil i kalendaren som gjer at klokkeslett blir ein time tidligare en det som er skrive inn. Feilen blir forhåpentligvis fiksa snarast. Før det er blitt gjort må start tid skrivast en time før aktiviteten startar. Husk også å skrive kontakt informasjon når det legges til en aktivitet.

   

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL

Kalender

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann