onsdag, juni 28, 2017
   
Text Size
Feil

Norborg-Bergsøy fredag kl. 19

4. divisjonskampen mellom Norborg og Bergsøy utsettast med ein halvtime. Nytt tidspunkt er kl. 1900 fredag 2. juni på Uggedal stadion.
 

Fotballskule 2017

Det blir i år fotballskule på Uggedal stadion frå 26. til 30. juni. Leiar på fotballskulen blir Preben Lorgen, samt instruktører frå juniorlaget.

Klubbhuset vil vere opent frå kl. 08 til 15 med leiarar til stede.

Alder: 7-14 år

Pris: 1000,- inkludert lunsj og fruktmåltid, betaling til kontonr: 3910 43 08744.

Påmelding til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
   

G19: Vann toppkampen mot Hødd

Norborg/Ravn/Harøy - Hødd 3-2
G19 1. divisjon, Uggedal stadion, 29.05.2017

0-1 (20)
0-2 (33)
1-2 Ruben Holmeset (34)
2-2 Magnus Austbø Seth (78)
3-2 Illya Pekarskiy (89)

Frå laget si facebookside:

For de som har dårlig hjerte så var ikke Uggedal stadion stedet å tilbringe mandagskvelden. I en tett, temperatursterk og nervepirrende kamp selv Jo Nesbø hadde vore stolt over å skreve stakk heimelaget av med alle poenga.

Les mer: G19: Vann toppkampen mot Hødd

   

Statistikkhjørnet

Norborg har spelt seks kampar i 4. divisjon og vårt unge lag har fått eit tøft møte med det som på papiret er tidenes beste 4. divisjon på Sunnmøre. Med tre uavgjorte og tre tap så ventar ein framleis på den første sigeren. Det positive er at avstanden opp til midten av tabellen er minimal. Fjorårets 4. divisjonsmeister Skarbøvik er berre to poeng framfor på sin 8. plass. Ein har også tatt eitt poeng meir enn på dei seks første kampane i fjor.
Tabell

På dei første 6 kampane så har heile 23 spelarar fått speletid. Åtte spelarar har spelt i alle kampane. Keeper Joakim Kjærstad er den einaste som har spelt samtlege 540 minutt. Jonas Austnes (529) og Magnus Austbø Seth (523) er dei som er nærmast. Anders Toven og Denis Sjåstad har flest innhopp med fire kvar.

Nikolas Fjørtoft er den mest effektive spelaren med 2 mål på 471 minutt. Han bruker då 236 minutt pr. mål. Han er då også lagets toppscorar, saman med "sjølvmål". Totalt har fem andre Norborg-spelarar notert seg for eitt mål kvar. Magnus Austbø Seth har flest målgjevande med tre. Nikolas Fjørtoft har 2.
Oversikt effektivitet/kampstatistikk

På norborg.com børsen så har Kristoffer Søviknes best snitt med 6,40, medan Joakim Kjærstad (6,17) og Ole Johan Urke (6,00) følgjer på plassane bak. Nikolas Fjørtoft og Ruben Holmeset er også inne på topp 5 med 5,67 i snitt.

Norborg slepp inn mest mål den første halvtimen av kampen og den siste halvtimen. Kvarteret inn mot pause og kvarteret etter pause er Norborg sin beste periode. Då har ein positiv målskilnad.

Tid Norborg Motstandar
1-15 min 1 5
16-30 min 3 6
31-45 min 2 1
46-60 min 2 1
61-75 min 1 4
76-90 min 4

Norborg skaper få klare målsjansar. Hittil har det blitt 25, medan motstandar har 61. Utnyttinga er bra med 36%. Motstandar har 34,4%.

Norborg ligg også klart under i antall hjørnespark. Norborg har fått 15 hjørnespark, medan motstandar har 49. Norborg har til gode å score, medan motstandar har scora på 2.

   

Heiderleg resultat mot Volda

Volda - Norborg 4-2 (2-1)
4. divisjon, Volda stadion, 26.05.2017

Sjansar: 15-3
Cornere: 8-2

1-0 Kenneth-André Hole (2)
2-0 Tobias Evebø (27)
2-1 Marius Finstad Austnes (45)
2-2 Sjølvmål (52)
3-2 Robert Dahlberg (65)
4-2 Tobias Evebø (74)

Volda tok tidleg leiinga og styrte store delar av denne kampen, men Norborg jobba godt og gav aldri opp. Oransjetrøyene kom då overraskande tilbake frå 2-0 til 2-2. Medan Norborg sitt første mål var kampens vakraste med eit skot heilt oppe i vinkelen så var utlikninga av det komiske slaget då ein Volda-forsvarar upressa skyt ballen mot eige mål frå 16 meter. Ballen skrudde seg fint forbi keeper og i mål. Volda slo likevel tilbake og vann relativt komfortabelt.

Les mer: Heiderleg resultat mot Volda

   

Juniorane med sin femte strake siger

Norborg/Ravn/Harøy - Blindheim 5-1 (1-0)
G19 1. divisjon, Uggedal stadion, 21.05.2017

1-0 Anders Toven (25)
2-0 Stian Grytten Skogvoll (46)
3-0 Magnus Austbø Seth (54)
4-0 Tor Juul Abelseth (str. 73)
5-0 Illya Pekarskiy (81)
5-1 ? (86)

Juniorane har fått ein pangstart på sesongen med fem sigrar på fem forsøk. I kveldens kamp var det Blindheim som vart slått med solide siffer. Oransjetrøyene har tre poengs forsprang til neste motstandar Hødd.

Les mer: Juniorane med sin femte strake siger

   

Tur til Storhornet søndag 21. mai

Trimgruppa i Norborg arrangerer fellestur til Storhornet søndag 21. mai 2017. Registrering på toppen mellom kl. 12 og 14.

Turen opp tek ca. 1-2 timer.
Start frå Vetegarasja eller Engeset.

Trekking av gevinster blant dei registrerte.

Bli med og nyt utsikta Cool
   

Poengdeling mot Skarbøvik

Norborg - Skarbøvik 2-2 (1-1)
4. divisjon, Uggedal stadion, 19.05.2017

Sjansar: 5-6
Cornere: 2-5

0-1 Sondre Kjølsøy (str. 12)
1-1 Nikolas Fjørtoft (35)
2-1 Matias Mork Vatneødegård (58)
2-2 Nils Ottar Sandø (82)

Norborg og Skarbøvik delte poenga i ein kamp prega av ein vind som berre auka på utover kampen. Totalt sett så var uavgjort eit greit resultat mellom to lag som framleis ventar på sin første siger.

Les mer: Poengdeling mot Skarbøvik

   

Heimekamp mot Skarbøvik fredag kl. 1830

Norborg tek imot Skarbøvik fredag kl. 1830 til årets første graskamp i Uggedalen. Begge lag kunne nok ha ønska seg ein betre start på sesongen og treng tre poeng i denne kampen for å ha heng med laga over midten, og ikkje minst få eit pusterom til tabellbotnen.

Norborg ønsker Tarjei Urkedal og Jesper Vos tilbake på laget. Urkedal har berre spelt ein kamp hittil, medan Vos har vore ute med skade sidan mars. Matias Vatneødegård stod over med sjukdom sist, men er no frisk og tilbake på laget. Dermed lysnar det for Norborg.

Norborg og Skarbøvik har ei kort historie i lag. Dette er berre tredje sesongen ein er i same divisjon. På desse fire kampane, samt eit par treningskampar, så har det aldri blitt heimesiger verken i Uggedalen eller på Siffen. Like før påske vann Norborg 4-3 på Siffen.

Dommar: Martin Solheim (Spjelkavik)
Assistentar: Norvald Lausund (Lepsøy) og Ole Petter Stenberg (Sunnylven)
   

Juniorlaget tok sin fjerde strake siger

Norborg/Ravn/Harøy - Spjelkavik 2-1 (0-0)
G19, 1. divisjon, Uggedal stadion, 15.05.2017

1-0 Illya Pekarskiy (59)
2-0 Magnus Seth (77)
2-1 ? (81)

No/Ra/Ha tok sin fjerde strake siger i 1. divisjon og har tabelltoppen for seg sjølve.

Les mer: Juniorlaget tok sin fjerde strake siger

   

Tøft møte med Hødd2

Hødd 2. lag - Norborg 7-1 (5-1)
4. divisjon, Høddvoll, 12.05.2017

Sjansar: 13-5
Cornere: 10-3

1-0 Isak Haanes (11)
2-0 Preben Sætre (17)
3-0 Isak Haanes (18)
3-1 Sjølvmål (20)
4-1 Håkon Brautaset (29)
5-1 Sander Djupvik (38)
6-1 Andreas Breimyr (76)
7-1 Isak Haanes (88)

Norborg fekk det som venta tøft mot divisjonens topplag. Etter ein brukbar start rann måla inn i ein halvtimes periode før pause. I 2. omgang stod Norborg lenge godt imot heimelaget sine kvikke og tekniske spelarar, men nye personlege feil det siste kvarteret gjorde at ein ikkje greidde målet om å halde nullen etter pause.

Les mer: Tøft møte med Hødd2

   

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL

Kalender

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann