søndag, november 19, 2017
   
Text Size

Flott innsats av jentene som var på UBM i badminton sist helg!

Sist helg vart UBM (noregsmeisterskap i aldersbestemte klasser) arrangert på Sotra og Norborg hadde med tre jenter: Tuva, Ingrid og Anne-Margrethe. Det var over 200 deltakarar og rundt 650 kampar vart avvikla, så dette er det største badmintonarrangementet i landet.

Våre jenter gjorde ein flott innsats og kunne reise heim att med mellom anna ein femteplass.

 

Les mer: Flott innsats av jentene som var på UBM i badminton sist helg!

 

Gode resultat for både unge og eldre i Ålesundsvippen sist helg!

Norborg stilte med den største troppa på fleire tiår til Ålesundsvippen i badminton, som vart avvikla i den nye idrettshallen i Hatlane sist helg. Spesielt hyggeleg var det med mange yngre på deltakarlista. Og resultata var også bra, spesielt må vi dra fram Anne-Margrethe Ulla Staurset med tre gull og Sonja Sæther med to gull!

Les mer: Gode resultat for både unge og eldre i Ålesundsvippen sist helg!

   

Meir badminton: Også dei yngre var i elden i helga

Det var ikkje berre veteranane som gjorde ein innsats for Norborg i helga, også fleire av dei unge jentene våre deltok på turnering. Dei var i Bergen på ranking-turnering og resultata vart slik:

Les mer: Meir badminton: Også dei yngre var i elden i helga

   

Fleire NM-gull til Norborg under veteran NM i Kragerø!

I helga var veteran NM i badminton avviklar i Kragerøhallen og våre spelarar gjorde nok ein gong ein god figur og henta heim fleire medaljar! Etter at nær 250 kampar var avviklar stod Per Ivar Furholm igjen med to gull! Eit i double, saman med Noralf Gamlem, og eit i single (der Noralf Gamlem tok bronse).

Les mer: Fleire NM-gull til Norborg under veteran NM i Kragerø!

   

Tøft for "heimelaget" i serierunda i badminton sist helg

Det vart ei hektisk helg for badmintonspelarane i Midt-Noreg, med full serierunde i førstedivisjon avvikla i Eidet kulturhall. Heile 17 lagkampar vart gjort unna i løpet av laurdag og søndag, og når kvar lagkamp består av 10 enkeltkampar så vart det altså totalt 170 kampar som skulle spelast.

Les mer: Tøft for "heimelaget" i serierunda i badminton sist helg

   

Badminton: Flott innsats på julecupen i Trondheim!

Norborg stilte med ei blanda tropp av yngre og eldre på julecupen i Trondheim og kunne reise heim att med fleire topplasseringar!

Les mer: Badminton: Flott innsats på julecupen i Trondheim!

   

Årsmøte i badmintongruppa

Det blir årsmøte i badmintongruppa søndag 13. oktober kl 18:00 i lokala til Søvik Regnskapskapskontor AS.

Vanlege årsmøtesaker.

Saker meldast inn til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen eller Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

Styret

   

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann