onsdag, november 22, 2017
   
Text Size

Hadde fortent meir enn ingenting

Skarbøvik - Norborg 4-3 (1-1)
4. divisjon, Skarbøvik kgb, 08.09

Sjansar: 7-9
Cornere: 5-4
Avslutningar på mål: 5-8
Avslutningar utenfor: 8-8
Blkkerte avslutningar: 4-0

0-1 Sjølvmål (18)
1-1 Sondre Kjølsøy (19)
2-1 Joakim Bolsø (48)
2-2 Ådne Helandsvik (51)
2-3 Sjølvmål (69)
3-3 Daniel Malakzadeh (76)
4-3 Sindre Pedersen (80)

Norborg gjekk på eit bittert tap mot Skarbøvik fredag kveld. På stillinga 2-3 hadde Norborg fleire gode sjansar til å auke leiinga, men der Norborg bomma scora SIF.

Dette var ein kamp Norborg skulle vinne, og ein hadde også kontroll på kampen fram til det gjenstod eit kvarter. Dei første 45 minutta var svake av begge lag med lite presist pasningsspel. Norborg tok føringa i kampen då ein Skarbøvik-spelar header eit innlegg frå Stian Skogvoll i eige mål. Heimelaget kvitterte raskt då Sondre Kjølsøy kom seg inn bak forsvaret og scora frå litt skrått hald. Norborg er alt i alt nærmast leiinga før pause sidan berre ei fantastisk redning av keeper hindra Magnus Austbø Seth scoring i det 35. minutt.

Etter pause får vi sjå ein meir underhaldande kamp. Skarbøvik startar best og tek leiinga då Joakim Bolsø finn rom melom Norborg sine stopparar og fekk sjå avslutninga si rulle i mål etter at keeper Olsen fekk nokre fingrar på ballen. Norborg vakna etter målet og er det beste laget dei komande 25 minutta. Ådne Hellandsvik utlikna raskt til 2-2 på eit skot frå nærmare 30 meter. Hellandsvik var aktiv i denne perioden og kom seg til nokre gode innlegg, men medspelarane sine headingar fann diverre ikkje nettmaskene. Tjue minutt ut i omgangen vart Seth spelt fri av Nikolas Fjørtoft, men keeper vann duellen med ei strålande beinparade. Fire minutt seinare fekk Seth sjansen igjen, og sjølv om keeper vann denne duellen også så gjekk redninga i ein forsvarar og i mål til fortent 2-3 leiinga.

Eit kvarter før slutt er Fjørtoft åleine med keeper, men SIF sin keeper er ein god ballstoppar og redder laget sitt igjen. I staden for 2-4 kontrar Skarbøvik inn 3-3 då Daniel Malakzade først skyt i stolpen for så å putte returen i mål. Fire minutt seinare blir dagen endå verre for Norborg då Sindre Pedersen får stå heilt åleine på fem meter og sette inn 4-3 etter ein corner som Norborg hadde sjansen til å klarere ved eit par høve. Norborg fekk sine sjansar til å utlikne, men Seth si avslutning var blokkert til corner, medan Tarjei Urkedal valde å spele ballen til ein offside plassert Per-Stian Alvestad i staden for å forsøke sjølv frå 15 meter. Dermed vart det eit bittert tap for Norborg.

- Vi har tatt eitt av seks poeng mot Skarbøvik på to kampar eg føler vi er best. Vi har våre sjansar til å punktere denne kampen før vi har nokre særs svake minutt defensivt, sa Norborg-trenar Kristian Søviknes etter kampen.

Neste kamp for Norborg er heime mot Volda 15. august kl. 1830.

Laget: Ronald Søvik Olsen - Nikolai Jensen, Jonas Austnes, Tor Abelseth, Stian Skogvoll (Anders Toven, 84), Tarjei Urkedal, Marius Austnes (Ruben Holmeset, 65), Jesper Vos (Ole Johan Urke, 57), Ådne Hellandsvik, Magnus Austbø Seth, Nikolas Fjørtoft (Per-Stian Alvestad, 80).

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann