Norborg står framfor ei tøff, men ikkje umogeleg oppgåve når ein tek imot tetlaget Hødd2 på det som kanskje er årets siste graskamp i Uggedalen. Laga har lik form med 10 poeng på dei 5 siste kampane. Norborg har faktisk halde nullen i fire av desse kampane. I vårens oppgjer utnytta Hødd2 Norborg sine slurvefeil og vann heile 7-1. Desse feila må bort no om det skal vere håp om poeng.
Vi veit i skrivande stund ikkje troppen, men vonar at nokren av dei fem som var borte i 2-0 sigeren over Larsnes/Gursken sist er tilbake.