onsdag, november 22, 2017
   
Text Size

Mållaust i Uggedalen

Norborg - FK Sykkylven 0-0
4. divisjon, Uggedal stadion, 17.08.2017

Sjansar: 5-6
Cornere: 6-1

Avslutningar på mål: 3-6
Avslutningar utanfor: 7-11
Blokkerte avslutningar: 2-6

Begge lag hadde sine sjansar til å avgjere kampen, men avslutningane var for svake og kampen enda dermed utan nettsus.

Norborg starta kampen best og i løpet av dei første fem minutta fekk Nikolas Fjørtoft to sjansar til å sende Norborg i føringa, men den første sjansen etter forarbeid av Ruben Holmeset og Ådne Hellandsvik, vart avslutta med eit skot utanfor. Minuttet seinare vart han spelt igjennom av Pedro Silva, men greidde ikkje å overliste keeper.

FK Sykkylven løfter seg etter opningsminutta. Dei har ballen litt meir og kjem seg til nokren skotposisjonar utan at det sette keeper Joakim Kjærstad på dei heilt store prøvene. Dei fleste forsøka gjekk nemleg utanfor. Fire minutt før pause fekk FKS sin toppscorar Bengt Hole Alnes litt rom rundt straffefeltet, men han fekk heller ikkje skikkeleg klem på skotet og Kjærstad fekk ein enkel jobb med å stoppe forsøket. Like før pause fekk Nikolas Fjørtoft sin tredje sjanse til å sende Norborg i føringa, men heller ikkje denne gong fann han vegen til nettmaskene og laga gjekk til pause med 0-0.

Etter pause startar gjestane best og berre eit par minutt ut i omgangen tok Håkon Hanssen med seg ballen inn frå venstresida, men skotet gjekk rett på keeper. Kvarteret seinare fekk Bengt Hole Alnes stå åleine framfor mål på eit innlegg, men heada like utanfor. FK Sykkylven hadde eit visst trykk, men Norborg jobba godt i forsvar og fekk inn mange blokkeringar og tvinga FKS til skot frå distanse. Det offensive spelet til Norborg sat diverre ikkje like godt som det defensive. Ein fekk mange overgongsmogelegheiter, men det vart altfor mange svake val av både ballførar og breiddeholdarane, for å ikkje seie mangel på breiddeholdarar. Eit par sjansar vart likevel skapt. Fjørtoft fekk sin fjerde sjanse eit kvarter før slutt, men med ein mann i ryggen greidde han ikkje å overliste keeper. Nokre minutt seinare fekk Ruben Holmeset litt plass inne i straffefeltet, men skotet som hadde god retning vart blokkert av ein forsvarar.

Poengdeling var alt i alt eit greit resultat. Gjestane fyrte av omtrent dobbel så mange skot, men antall sjansar var likt fordelt der Norborg hadde dei største.

Neste kamp er borte mot Larsnes/Gursken fredag 25. august kl. 1830.

Laget: Joakim Kjærstad - Nikolai Jensen, Jonas Austnes, Kristoffer Søviknes, Tor Abelseth (Stian Skogvoll, 14), Ruben Holmeset, Tarjei Urkedal, Jonas Holmeset (Jesper Vos, 58), Ådne Hellandsvik (Per-Stian Alvestad, 74), Pedro Silva, Nikolas Fjørtoft.

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann