søndag, november 19, 2017
   
Text Size
Feil

Årsmøte torsdag 16. februar 2017 kl. 18

Årsmøtet for 2016 vil bli haldt torsdag 16. februar 2017 kl. 1800 på klubbhuset i Uggedalen. Årsmøtet vil gjelde for hovudlaget og alle undergrupper.

Agenda vil vere vanlege Årsmøtesaker ihht. IL Norborg sine vedtekter, og eventuelle saker medlemane ønsker å ta opp må vere styret i hende seinast torsdag 2. februar.

Sakene meldast til Stian Volstad, mob. 913 33 820, e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

-Hovudstyret-
 

Trenarar for A-lag og G19 på plass!

Kristian Holmeset Søviknes og Preben Austnes Lorgen signerte i kveld kontrakt med Norborg som gjer dei til trenarar for A-lag og G19. Søviknes vil vere hovudtrenar, medan Lorgen vil vere assistent. Sportsleg leiar Tarjei Urkedal seie han er særs nøgd med å få på plass to ressurssterke og dyktige personar til å leie desse to laga. Preben reiser tilbake til studier i Elverum på onsdag, men vil vere heime i februar og store delar av mars før han er tilbake permanent frå mai. Preben satsar hardt på trenaryrket og har studert dette i både inn og utland. Søviknes var i fjor trenar for G19 som tok 2. plass i 1. divisjon, samt at han var midlertidig trenar for A-laget.

   

Treningskampar 2017

Norborg sitt A-lag har fått på plass treningskampane for 2017. Totalt blir det 9 kampar frå 8. februar til 17. april.

Onsdag 8. februar kl. 1815 Norborg - Midsund
Torsdag 16. februar kl. 1900 Skodje - Norborg
Onsdag 1. mars kl. 1900 Norborg - Tomrefjord
Onsdag 8. mars kl. 1900 Vestnes Varfjell - Norborg
Onsdag 15. mars kl. 1900 Norborg - Stranda
Onsdag 22. mars kl. 1830 Valder - Norborg
Onsdag 29. mars kl. 1930 Herd2 - Norborg
Torsdag 6. april kl. 1830 Skarbøvik - Norborg
Måndag 17. april kl. 1815 Midsund - Norborg
   

Forslag til terminliste 2017

Sunnmøre Fotballkrets har kome med sitt forslag til terminlista 2017. Norborg opnar heime mot Emblem fredag 21. april kl. 1830. I siste runde blir det heimekamp mot Hareid 20. okotber kl. 1830.

1 Norborg - Emblem 21.04.2017 18:30
2 FK Sykkylven - Norborg 28.04.2017 18:30
3 Norborg - Larsnes/Gursken 05.05.2017 18:30
4 Hødd 2 - Norborg 12.05.2017 18:30
5 Norborg - Skarbøvik 19.05.2017 18:30
6 Volda - Norborg 26.05.2017 18:30
7 Norborg - Bergsøy 02.06.2017 18:30
8 Godøy - Norborg 09.06.2017 18:30
9 Norborg - Rollon 16.06.2017 18:30
10 Norborg - Langevåg 23.06.2017 18:30
11 Hareid - Norborg 30.06.2017 18:30
12 Emblem - Norborg 11.08.2017 18:30
13 Norborg - FK Sykkylven 18.08.2017 18:30
14 Larsnes/Gursken - Norborg 25.08.2017 18:30
15 Norborg - Hødd 2 01.09.2017 18:30
16 Skarbøvik - Norborg 08.09.2017 18:30
17 Norborg - Volda 15.09.2017 18:30
18 Bergsøy - Norborg 22.09.2017 18:30
19 Norborg - Godøy 29.09.2017 18:30
20 Rollon - Norborg 06.10.2017 18:30
21 Langevåg - Norborg 13.10.2017 18:30
22 Norborg - Hareid 20.10.2017 18:30
   

Held fram med 12 lag i 4. divisjon

Sjølv om det var fleirtal blant klubbane (26-20) for utviding av 4. divisjon til 14 lag, så sørga styremedlemane til Sunnmøre fotballkrets for at stemminga enda 26-26. Ved uavgjort så blir forslaget ein stemmer over nedstemt. Ein held difor fram med 12 lag i 4. divisjon. 

4. divisjon blir altså slik: Norborg, Godøy, Larsnes/Gursken, Skarbøvik, Langevåg, Hødd2, FK Sykkylven, Bergsøy, Hareid, Volda, Emblem og Rollon.
   

Stem på "Snes" som årets eldsjel!

Nordre har presentert årets kandidatar til "Årets eldsjel". Der finn vi vår eigen Kristian Holmeset Søviknes. Trenar for G19, leiar i Norborg anleggsutvikling, medlem av sportsleg utval, spelar og stort sett ein finger med i det meste som skjer i Norborg si fotballgruppe.

I Nordre står følgjande: Søviknes har vore og er ein primus motor for IL Norborg fotball. Han har stått på i årevis for klubben, og var mellom anna ein av pådrivarane til anlegget i Uggedalen. Takka vere han, med hjelparar, har IL Norborg eit kjempeflott anlegg. Søviknes har betydd mykje for heile klubben både som trenar, styremedlem og aktiv spelar. Han har eit fantastisk lag med ungdommen, og er ein positiv og energisk person som får til mykje.

Slik stemmer du:

Send H2 til mobil 958 58 475 eller ring 70 20 84 82 innan torsdag 15. desember.
   

Grytten til Fjørtoft

Fjørtoft har også gjort ei tredje signering frå Norborg den siste veka, og denne gong er det ein som har hatt fotballskoa ganske langt fram i skapet også i 2016. Klubbkjempa Steffen Grytten (32) med sine 296 A-kampar for Norborg har nemleg valgt å forlate dei oransje til fordel Fjørtoft. Steffen forklarer overgongen med at han i Norborg må vere med å trene fotball jamleg for å få plass på laget. Det er noko han ikkje ønsker å prioritere, og han vil heller ikkje vere med å trene sporadisk for så å kanskje ta plassen til ein junior. - Då er det betre at junioren blir satsa på, seie Grytten.

Steffen debuterte før norborg.com si tid, i alle fall nokre veke før heimesida kom ut på verdsveven. Vi har dermed ikkje heilt eksakt A-debut. Det vi veit er at han vart tatt opp i A-stallen i januar 2001 og scora sitt første mål i ein vinterseriekamp i Sunnmørshallen mot Giske den vinteren. Debuten kan ha kome nokre veke før mot Blindheim/Emblem. Det første seriemålet kom borte mot Åheim 8. juni 2002. Gjennom desse to ti-åra så har Steffen spelt i samtlege posisjonar på laget. Hausten 2002 var han keeper på laget som tok KM-tittelen i 5. divisjon. KM-tittel vart det også i 2008 då Norborg vann 4. divisjon. 17. april 2009 skreiv han seg inn i historiebøkene då han scora Norborg sitt første mål nokonsinne i 3. divisjon. 36 sekund tok det før ballen låg i nota bak Hareid sin keeper.

Etter 2009 sesongen trappa Steffen ned og var berre sporadisk med før han satsa litt meir igjen i 2015. I år var han med i 10 seriekampar og scora 2 mål. Totalt vart det 296 kampar og 57 mål. Det siste målet kom i hans siste kamp for Norborg. Heime mot Emblem 13. oktober.

Vi takker Steffen for innsatsen og mange gode minner!


Steffen etter fjorårets kamp mot Ørsta der han scora to mål frå sin posisjon som høgreback.

   

Håbet og Sundnes frå Norborg til Fjørtoft

Fjørtoft har ikkje lagt bort støvkosten endå og har signert nye spelarar frå Norborg. Før helga signerte Adrian Håbet (27) overgongspapira. Han spelte sin siste kamp for Norborg i fjor, nærmare bestemt 29. april 2015 borte mot Langevåg. Totalt vart det 172 A-kampar og 54 mål sidan debuten mot Molde jr. 7. april 2004. Vi ønsker han lykke til vidare.

Martin Sundnes (30) har også valgt å signere for Fjørtoft. Han spelte ikkje kampar for Norborg i år, men leverte 4 mål på 3 kampar hausten 2015. Eit utvilsamt varp på overgongsmarknaden om helsa held. Vi ønsker han lykke til.
   

G19: Samarbeidsprosjektet godkjent for 2017!

Sunnmøre fotballkrets har godkjent Norborg, Ravn og Harøy sin søknad om felles juniorlag for sesongen 2017 med Norborg som ansvarleg klubb.
   

G19: Vinterkvalik utan Norborg

Norborg G19 har takka ja til Sunnmøre fotballkrets sitt tilbod om spel i neste års 1. divisjon. Som eit av dei fire beste laga i årets 1. divisjon så fekk Norborg automatisk plass i 1. divisjon om ein ville det. Det sa Norborg ja til, og kan førebu seg til seriestart utan press.
   

Fredag ny kampdag i 4. divisjon

Sunnmøre fotballkrets har kome med melding om kampdagar for sesongen 2017. Det blir som følgjer:

4. divisjon menn: Fredagar
5. divisjon menn: Torsdagar
6. divisjon menn: Onsdagar
3. divisjon kvinner: Onsdagar
   

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL

Kalender

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann