søndag, november 19, 2017
   
Text Size
Feil

Sesongkort!

Du kan no kjøpe sesongkort på Uggedal stadion hos Coop Søvik. Sesongkortet koster 400,- Alle med sesongkort er med i trekninga av flotte premier til ein verdi av 300,- per kamp.

Normal kampbillett koster 70,- Du får dermed 5 kampar gratis ved kjøp av sesongkort.
 

Rollon sin tippeekspert spår Norborg på 8. plass

Rollon si facebookside held på å presenterer sitt tabelltips for 4. divisjon. I dag vart Norborg presentert på ein 8. plass.

https://www.facebook.com/skrollon

   

Fortsette den gode rekka på Siffen

Skarbøvik - Norborg 3-4 (2-2)
Treningskamp, Skarbøvik kgb, 06.04.2017

Sjansar: 13-11
Cornere: 7-3

0-1 Nikolas Fjørtoft (15)
1-1 Kenneth Kjevik (20)
2-1 ? (27)
2-2 Nikolas Fjørtoft (29)
2-3 Magnus Austbø Seth (62)
3-3 ? (68)
3-4 Matias Mork Vatneødegård (87)

Norborg tok heim sigeren over fjorårets KM-vinnar av 4. divisjon då Matias Vatneødegård banka inn 4-3 målet frå 35 meter tre minutt før slutt. Før den tid hadde laga veksla på å leie i ein sjanserik kamp.

Les mer: Fortsette den gode rekka på Siffen

   

Treningskamp mot Skarbøvik

Norborg tek torsdag turen til Siffen for å møte divisjonskollega Skarbøvik. Etter eit par tap mot lag i divisjonen under håper vi på solid innsats og betre konsentrasjon denne gong.
   

Norborg fekk bank på Valdervoll

Valder - Norborg 7-2 (4-1)
Treningskamp, Valdervoll KGB, 22.03.2017

1-0 Henrik Hole Oksnes (19)
1-1 Ole Johan Urke (25)
2-1 Olai Rørstad (30)
3-1 Ole Kristian Blindheim (33)
4-1 Olai Rørstad (34)
5-1 Olai Rørstad (45)
6-1 Sander Bjørdal Dyb (80)
7-1 Preben Valderhaug (88)
7-2 Magnus Austbø Seth (90)

Norborg gjekk på eit stortap i treningskampen mot Valder.

Laget: Joakim Kjærstad -  Jonas Austnes, Kristoffer Søviknes, Tor Abelseth (Anders Toven, 39), Ole Johan Urke, Jesper Vos (Christian Sæther, 31), Marius Austnes (Nikolai Jensen, 46), Tarjei Urkedal, Stian Skogvoll (Denis Sjåstad, 72) - Magnus Seth, Nikolas Fjørtoft (Per-Stian Alvestad, 78).
   

Treningskamp borte mot Valder onsdag kl. 1830

Norborg tek onsdag turen til Valdervoll for sin 9. treningskamp for året. Etter å ha vist god form i vinter fekk ein kanskje for mange uventa trøbbel mot 5. divisjonslaget Stranda sist veke og tapte 0-1. No blir det eit nytt møte med eit nynedrykka 5. divisjonslag. Valder var i fjor ein av favorittane i 4. divisjon, men kom skeivt ut og greidde aldri å kome i flytsona. Det stoppa på 23 poeng. Noko som var 6 poeng for lite til å stå. Norborg vann for øvreg begge seriekampane i 2016 med to mål, men tapte treningskampen i Uggedalen med 3-4.

Tropp: Joakim Kjærstad, Jonas Austnes, Marius Austnes, Kristoffer Søviknes, Tor Abelseth, Ole Johan Urke, Stian Skogvoll, Jesper Vos, Tarjei Urkedal, Christian Sæther, Denis Sjåstad, Matias Vatneødegård, Nikolai Jensen, Magnus Seth og Nikolas Fjørtoft.

Christian Sæther vil spele sin A-kamp nr. 250.
   

Storsiger til juniorane

Norborg/Ravn/Harøy - Blindheim 6-0 (2-0)
G19, treningskamp, Uggedal KGB, 21.03.2017

1-0 Magnus Jenssen (16)
2-0 Tor Abelseth (str. 45)
3-0 Magnus Austbø Seth (64)
4-0 Anders Toven (72)
5-0 Magnus Austbø Seth (80)
6-0 Magnus Austbø Seth (89)

Etter ein god sjanse til kvart lag så hadde heimelaget god kontroll. Magnus Jenssen skåra først før han vart meid i bakken til ei soleklar straffe. Straffa banka Tor i nettet til pauseleiing 2-0.

I andre omgang var det spel mot eitt mål og ein haug med dødballar. Seth skårer to på dødball og eit åleine med keeper (og ein anna i stolpen). Innimellom dette så skalla Anders Toven ein av Jonas Holmeset sine mange gode dødballar kraftfullt i nettet.

Totalt sett ei god gjennomføring der mange spelarar melder seg på.

Laget: Szoma, Elias Gunnarsson (Trond Espen Rogne 80), Trond Espen Rogne (Stian Skogvoll 65), Tor Abelseth, Anders Toven, Jonas Holmeset (Illya Pekarskiy 80), Sander Harnes (Vidar Nilsen Rogne 80), Nikolai Jensen, Vidar Nilsen Rogne (Matias Vatneødegård 65), Magnus Jenssen (Lars Mikalsen 45, Magnus Seth 62), Illya Pekarskiy (Jesper Vos 65).

Dommer: Norvald Lausund
AD: Marcus Grytten og Helge Uggedal




   

Treningskampar veke 11

Laurdag
Langevåg - Eide og Omegn 1-4

Fredag
Brattvåg - Bergsøy 5-1
Herd - Langevåg 4-0

Torsdag
FK Sykkylven - Emblem 1-1
Valder - Giske 5-1 (Norborg skal møte Valder på onsdag)

Onsdag
Larsnes/Gursken - Hovdebyda 5-1

Treningskamptabell
   

Kom til kort mot Stranda

Norborg - Stranda 0-1 (0-1)
Treningskamp, Uggedal KGB, 15.03.2017

Sjansar: 5-4
Hjørnespark: 8-0

0-1 Michal Bernat (44)

Laga hadde kvar omgang i vinden på Uggedal KGB onsdag kveld. Stranda hadde sjansane før pause sjølv om Norborg hadde ballen mest. Det gjekk likevel for seint med dei oransje til at det vart skapt det heilt store framfor Stranda sitt mål. I 2. omgang hadde Norborg ballen stort sett heile tida, men trass nokre store sjansar, greidde ein aldri å få ballen i nota. Dermed stoppa rekka på 6 kampar utan tap.

-Varierande prestasjon kampen gjennom. I perioder opptrer vi som Stranda sin beste spelar med å servere dei sjansar på gullfat. I andre perioder ser vi igjen det vi øver på, men vi slit med gjennomføringen på siste tredjedel der Stranda hadde parkert bussen sin. Sum summarum så får vi ta med kampen som ei god læring og fortsette å jobbe med det vi har starta på. Vi mista i alle fall ikkje trua på oss sjølv av dette, sa trenar Kristian Søviknes.

Les mer: Kom til kort mot Stranda

   

Treningskamp mot Stranda onsdag kl. 19

Norborg tek onsdag kveld imot Stranda til treningskamp i Uggedalen. Dette er Norborg sin 8. treningskamp denne vinteren, medan Stranda berre spelar sin andre. Kampforma til Norborg bør dermed vere betre, og sidan ein ikkje har slått Stranda sidan 10-0 sigeren i 2014, så bør også motivasjonen vere på topp. Sjølv om Stranda enda sist i fjorårets 4. divisjon tok dei 4 av sine 12 poeng mot Norborg etter 3-3 i Uggedalen og 2-1 siger på Stranda. Stranda vann sin første treningskamp med 5-0 over MSIL.

Norborg har bøtta inn mål i sine sju første kampar, men møter denne gong eit lag som likar å forsvare eige målområde. Vi ser for oss ein kamp der Norborg vil spele mykje mot etablert forsvar. Så får vi sjå om ein får opp tempoet på ball. Det greidde ein ikkje i fjor, men vi har tru på at årets lag har desse kvalitetane.

Frå 3-3 kampen mot Varfjell går Tarjei Urkedal, Jesper Vos, Elias Søvik Gunnarsson og Sander Harnes ut av troppen, medan Magnus Austbø Seth, Kjell Terje Brusdal og Magnus Jenssen er tilbake. Jenssen spelar sin første kamp for året etter skade.

Dommar: Geir Ove Grønli
Assistentar: Marcus Grytten og Lars Mikalsen
   

Treningskampar

Laurdag:
Skarbøvik - Kristiansund FK 1-0

Torsdag:
Godøy - Emblem 0-2
Hareid - Hovdebygda 2-0
Herd - Rollon 2-1

Treningskamptabell
   

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL

Kalender

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann