søndag, november 19, 2017
   
Text Size
Feil

Tidenes mest målfattige 4. divisjonsrunde?

Det vart ei særs målfattig avslutning på vårsesongen i 4. divisjon Sunnmøre med sju mål på seks kampar. Berre fire av tolv lag greidde å finne nettmaskene. Så få mål har det vel aldri blitt scora i ei serierunde på Sunnmøre?

Resultata var:
Langevåg - Skarbøvik 1-3
FK Sykkylven - Godøy 0-0
Larsnes/Gursken - Bergsøy 0-0
Emblem - Rollon 0-0
Hødd2 - Volda 2-0
Hareid - Norborg 0-1

Hødd2 tek ferie på toppen av tabellen med 31 poeng på 11 kampar. Ein sterk prestasjon av det unge Hødd-laget. Bergsøy (24) og Volda (22) ligg på dei øvrege pallplassane. Berre vinnaren rykker opp.

Larsnes/Gursken og Hareid ligg førebels i eit vakuum på 4. og 5. plass med sine 16 poeng. Dei sju andre laga er det liten skilnad på. Skarbøvik (12), Godøy (12), FK Sykkylven (11), Rollon (10) og Norborg (9) har dei to under streken, Emblem (8) og Langevåg (7), tett på seg.

Her finn du komplett tabell, heimetabell, bortetabell og tabell for 1. omgang og 2. omgang.
 

Avslutta vårsesongen med stil - sterk siger over Hareid

Hareid -Norborg 0-1 (0-1)
4. divisjon, Hareid stadion, 30.06.2017

Sjansar: 9-3
Cornere: 8-2
Avslutningar på mål: 2-4
Avslutningar utanfor: 14-6
Blokkerte avslutningar: 4-2

0-1 Per-Stian Justsen Alvestad (16)

Norborg vann sin andre kamp på rad, passerte Langevåg og Emblem på tabellen og tek dermed ferie på sikker plass. Det unge og urutinerte Norborg-laget tok leiinga eit kvarter ut i kampen då Per-Stian Alvestad heada ballen i fin boge over keeper og i mål. Det meste handla etter dette om å forsvare leiinga. Hareid kom seg til fleire gode sjansar, men denne gong hadde Norborg marginane på si side og tok sin fjerde strake siger på Hareid stadion.

Les mer: Avslutta vårsesongen med stil - sterk siger over Hareid

   

Bortekamp mot Hareid fredag kl. 1830

Norborg tek turen til Hareid for siste kamp før sommarferien. Hareid har hatt ein god vår og med sine 16 poeng ligg dei på 4. plass. Laget scora lite mål, berre 13, men er veldig gjerrig. Berre Hødd2 og Volda har sluppe inn færre. Sist veke vart det 2-0 siger over Rollon. Norborg vann med same siffer i sin siste kamp og vi håper at laget kan bygge vidare på dette. Frå sist er Nikolai Jensen, Denis Sjåstad og Mads Even Hatlehol borte, men troppen forsterkast av Nikolas Fjørtoft og Matias Vatneødegård.
   

Norborg vann Øyacup 2017!

Etter å ha stått over nokre år kom Norborg tilbake og tok sin 5. siger i Øyacup etter å ha slått Harøy i finalen. Etter 1-1 i ordinær tid vann gutane 3-1 i straffekonkurransen. Magnus Austbø Seth scora i ordinær tid, medan Elling Mikal Kalvø, Kristoffer Søviknes og Ådne Hellandsvik sette sine straffer.

På vegen til finalen vart HaNo slått 2-1 i første kamp, medan ein sikra finalebilletten med 1-1 mot Lepsøy. Magnus Austbø Seth, Kristoffer Søviknes og Elling Mikal Kalvø scora i gruppespelet.

Fjørtoft Old Boys, med Norborg-trenar Kristian Søviknes på laget, tok bronsa etter 3-1 over HaNo. Lepsøy tok 5. plassen etter siger over Fjørtoft i straffekonkurransen (0-0 i ordinær tid).

I dameklassa forsvarte Ravn tittelen etter å ha slått Brattvåg J16 3-1 i finalen.

For dei som lika historie kan vi skyte inn at Norborg vann Øyacup også i 2003, 2009, 2010 og 2012.

Norborg stilte følgjande mannskap: Eirik Fjørtoft (på lån frå Fjørtoft), Stian Grytten Skogvoll, Marius Austnes, Magnus A. Seth, Lars Mikalsen, Anders Urkedal, Elling Mikal Kalvø, Kristoffer Søviknes, Ådne Hellandsvik, Jonas Austnes, Anders Toven og Jesper Vos.

   

Endeleg siger!

Norborg - Langevåg 2-0 (1-0)
4. divisjon, Uggedal stadion, 23.06.2017

Sjansar: 9-8
Avslutningar på mål: 9-4
Avslutningar utanfor: 8-10
Blokkerte avslutningar: 1-3
Cornere: 6-7

1-0 Jonas Austnes (15)
2-0 Per-Stian Justsen Alvestad (55)

Endeleg kunne Norborg løfte hendene i veret og juble for tre poeng. Sjølv om Langevåg hadde sine perioder i løpet av kampen så var dette ein fortent siger til dei oransje. Laget jobba godt og viste fin angrepsfotball.

Les mer: Endeleg siger!

   

Heimekamp mot Langevåg fredag kl. 1830

Norborg spelar sin andre heimekamp på rad og nok ein gong er det laget framfor på tabellen ein skal måle krefter mot. Denne gong Langevåg. Vi håper du tek Sankthansfeiringa i Uggedalen med pølse, vaffler og varmande fotball.
   

G19: Tek ferie på toppen!

FK Sykkylven/Sykkylven IL - Norborg/Ravn/Harøy 0-4 (0-2)
1. divisjon G19, Sykkylven stadion, 19.06.2017

0-1 Nikolas Fjørtoft (33)
0-2 Magnus Austbø Seth (45)
0-3 Magnus Austbø Seth (70)
0-4 Illya Pekarskiy (90)

Dei oransje vann sin fjerde strake bortesiger og sin åttande kamp totalt og tek ferie med fire poengs forsprang på Herd.

Les mer: G19: Tek ferie på toppen!

   

Nær poeng i sjanserik kamp

Norborg - Rollon 1-2 (1-1)
4. divisjon, Uggedal stadion, 16.06.2017

Sjansar: 10-10
Cornere: 5-6

0-1 Børge Drevik (24)
1-1 Magnus Austbø Seth (31)
1-2 Andreas Blindheim (61)

Norborg var særs nær å få behalde eitt poeng i kveldens kamp mot Rollon etter ein sterk sluttspurt, men Rollon haldt unna og kunne juble for ein etterlengta siger.

Les mer: Nær poeng i sjanserik kamp

   

Heimekamp mot Rollon fredag kl. 1830

Norborg tek fredag imot Rollon til 4. divisjonskamp på Uggedal stadion. Sist gong desse to møttast var det ein kamp mellom nr. 1 og 2 på tabellen. Det er det i år også om vi snur den opp ned. Rollon hadde nok sett for seg langt fleire poeng enn dei seks dei har fått, så frustrasjonen er nok stor i Larsgården. Norborg hadde nok også venta seg litt meir enn tre poeng sjølv om ein visste ein gjekk mot ein tøff sesong. Fleire poeng trur vi Norborg også hadde stått med om det ikkje hadde vore for ekstremt mykje sjukdom og skader. Med både 3, 4 og 5 mann borte i fleire av kampane i ein allereie sårbar stall så blir det tøft å ta poeng. Vi får håpe at alle problema blir sluttført no i vår.

Vel møtt kl. 1830.
   

G19: Uavgjort i toppkampen

Norborg/Ravn/Harøy - Herd 3-3 (2-2)
G19 1. divisjon, Uggedal stadion, 12.06.2017

1-0 Magnus Seth (13)
2-0 Trond Espen Rogne (36)
2-1 Mads Holkestad (37)
2-2 Kristian Halvorsen (42)
2-3 Kristian Halvorsen (82)
3-3 Magnus Seth (87)

Dei oransje såg ut til å gå mot sin åttande strake siger då Trond Espen Rogne sette inn 2-0 ni minutt før pause, men Herd kom sterkt tilbake og utlikna før sidebyte. Knappe ti minutt før slutt tok dei like godt leiinga, men Magnus Austbø Seth scora sitt andre for dagen og sørga for poengdeling i ein kamp heimelaget burde ha vunne.

Les mer: G19: Uavgjort i toppkampen

   

Aktivitetsdag i Uggedalen søndag 18. juni

Velkommen til en sporty og morsom opplevelse for hele familien søndag 18.06.2017 kl 12:00 – 14:30 på Uggedal Stadion. Aktivitetene er gratis!

I fjor arrangerte vi aktivitetsdag med stor suksess, så da prøver vi på igjen i år.

Programmet er som følger:

- 7 aktiviteter

- Quiz

- Kubbspeling

- Badminton

- Kiosk med sal av pølse m/brød, kaker, kaffe/te og brus.

Denne dagen er for absolutt alle, uansett hva slags sportslig nivå man er på. Alle som deltar får premie. Håper du sett av dagen, og koser deg sammen med oss Smile

Vel møtt!

Med helsing Trimgruppa i Norborg

Dag, Elisabeth, Evy, Hanne-Lene, Kenneth, Linda og Marit

   

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL

Kalender

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann