tirsdag, oktober 17, 2017
   
Text Size
Feil

Svak kamp av Norborg

Emblem - Norborg 6-0 (2-0)
4. divisjon, Emblem KGB, 11.08.2017

Sjansar: 13-4
Cornere: 4-3

Avslutningar på mål: 11-3
Avslutningar utanfor: 10-2
Blokkerte avslutningar: 3-0

1-0 Sander Tørlen (12)
2-0 Sondre Hamnøy (13)
3-0 Sondre Hamnøy (67)
4-0 Marcus Steffensen (73)
5-0 Marcus Steffensen (88)
6-0 Marcus Steffensen (89)

Norborg leverte sin svakaste kamp for sesongen i den viktige botnkampen mot Emblem. Etter ein lovande start scora heimelaget på sine to første sjansar og såg seg aldri tilbake.

Les mer: Svak kamp av Norborg

 

Yerzhan Sergazin klar for Norborg

Norborg har henta den rutinerte keeperen Yerzhan Sergazin frå Brattvåg. - Vi kom i ein situasjon der vi ville mangle både Joakim Kjærstad og Ronald Søvik Olsen i starten av haustsesongen. Vi er difor godt nøgd med at Yerzhan stille mot Emblem, seie trenar Kristian Søviknes. Yerzhan hadde si første trening med Norborg på søndag. Vi ønsker han velkomen til klubben.
   

Grei gjennomkjøring mot Fjørtoft

Norborg - Fjørtoft 6-0 (3-0)
Treningskamp, Uggedal stadion 03.08.2017

Sjansar: 16-3
Cornere: 3-3

1-0 Ole Johan Urke (34)
2-0 Marius Austnes (37)
3-0 Nikolas Fjørtoft (45)
4-0 Nikolas Fjørtoft (51)
5-0 Ruben Holmeset (55)
6-0 Ruben Holmeset (58)

Norborg var stort sett best i det meste mot 6. divisjonslaget Fjørtoft. Meir kjem.
   

Treningskamp mot Fjørtoft torsdag kl. 19

Norborg spelar treningskamp mot Fjørtoft torsdag kl. 19 på Uggedal stadion.

Dommar: Geir Ove Grønli (Kaupanger)
   

Norway Cup 2017

Norway Cup står for tur, men Norborg har denne gong diverre ingen lag med i turneringa. Spelarar med Norborg som moderklubb vil vi nok finne på enkelte av laga til våre naboklubber. Her er kampoversikt:

Ravn J19 7-ar
Søndag 30. juli kl. 1715 Lier - Ravn 0-5. Bane: Ekeberg 7, 20
Måndag 31. juli kl. 1200 Høybråten og Stovner - Ravn 0-12. Bane: Nordre Aasen 7, 05
Tysdag 1. august kl. 1715 Ravn - Lambertseter 10-0. Bane: Ekeberg 7, 45
Onsdag 2. august kl. 1615 1/8 finale Ravn - Langesund 3-0.
Torsdag 3. august kl. 1200 1/4 finale Surnadal/Søya/Todalen - Ravn 1-2. Bane:Nordre Aasen 5
Torsdag 3. august kl. 2015 Semifinale Bønes - Ravn 4-1. Bane: Ekeberg 7B
Fredag 4. august kl. 1215 Bronsefinale Lier - Ravn 1-1, 4-2 på straffer. Bane: Ekeberg 25.

Søvik-jenta Marit Ekroll Nyland har scora fire mål i kvar av dei to første kampane, 3 i den siste gruppespelskampen og 2 i 8-delsfinalen. I kvartfinalen scora ho 1-1 målet. Tuva Bjørbekk scora tre mot Høybråten og Stovner.

Brattvåg J16 11-ar
Søndag 30. juli kl. 1430 Korsgård - Brattvåg 1-4. Bane: Rustad 11, 05
Måndag 31. juli kl. 1020 Snøgg - Brattvåg 1-1. Bane: Ekeberg 11, 03
Tysdag 1. august kl. 1430 Brattvåg - Åssiden 2-0. Bane: Rustad 11, 06
Torsdag 3. august kl. 0800 1/16 finale. Brattvåg -  Lyn2 1-3. Bane Kringsjå 1.

Søvik-jenta Elisabeth Pilskog scora det siste målet i første kamp og i tredje kamp. Halvt grytastrander Therese Engeset Remme scora i dei to første kampane og fekk mykje merksemd i den TV2 sendte kampen mot Snøgg. Les meir..

Brattvåg City G16 11-ar
Søndag 30. juli kl. 1000 Brattvåg - Jølster 1-1. Bane: Ekeberg 11, 31
Måndag 31. juli kl. 1630 Brattvåg - Täby United (SWE) 3-4. Bane: Ekeberg 11, 04
Tysdag 1. august kl. 1630 Høybråten og Stovner - Brattvåg 3-2. Bane: Valle Hovin 02
Onsdag 2. august kl. 0800 1/64 finale B. Vålerenga - Brattvåg 1-4.
Onsdag 2. august kl. 1300 1/32 finale B. Bærums Verk - Brattvåg 2-5.
Onsdag 2. august kl. 2000 1/16 finale B. Vestnes Varfjell - Brattvåg 1-3. Bane: Valle Hovin 01
Torsdag 3. august kl. 1115 1/8 finale B Follese - Brattvåg 5-2. Bane: Ekeberg 29.

Brattvåg United G16 11-ar
Måndag 31. juli kl. 1000 Brattvåg - Tiller 0-6. Bane: Kringsjå 11, 02
Måndag 31. juli kl. 1630 Brattvåg - Hasle-Løren 2-4. Bane: Kringsjå 11, 02
Tysdag 1. august kl. 1630 Austevoll - Brattvåg 1-0. Bane: Nordre Aasen 11, 04
Onsdag 2. august kl. 0800 1/64 finale B. Åsane3 - Brattvåg 1-2.
Onsdag 2. august kl. 1300 1/32 finale B. Løten - Brattvåg 1-2.
Onsdag 2. august kl. 2000 1/16 finale B. Brattvåg - Alunorte (Brasil) 0-1. Bane: Rustad 04.

Ravn J16 11-ar
Søndag 30. juli kl. 1430 Ravn - Stoppen 1-0. Bane: Ekeberg 11, 31
Måndag 31. juli kl. 1430 Ravn - Nardo 0-3. Bane: Nordre Aasen 11, 04
Tysdag 1. august kl. 1730 Biri - Ravn 1-2. Bane: Abildsø 11, 04
Onsdag 2. august kl. 1115 1/32 finale B. Ravn - Skarp 2-0.
Onsdag 2. august kl. 1845 1/16 finale B. Drøbak/Frogn - Ravn 2-3. Bane: Ekeberg 29
Torsdag 3. august kl. 1115 1/8 finale B. Nore Neset - Ravn 2-4. Bane: Nordre Aasen 01
Torsdag 3. august kl. 1730 1/4 finale B. Trygg/Lade - Ravn 0-5. Bane: Ekeberg 27
Fredag 4. august kl. 0900 Semifinale B. Remyra - Ravn 0-2. Bane: Ekeberg 35
Fredag 4. august kl. 1445 Finale B. Ravn - Lillesand 1-2. Bane: Ekeberg 26

Ørskog/Stordal G19 11-ar (Tor Abelseth og Jesper Vos deltek)
Søndag 30. juli kl. 1200 Ørskog/Stordal - Vestli 1-1. Bane: Nordre Aasen 11, 01
Måndag 31. juli kl. 1830 Ørskog/Stordal - Frigg 1-1. Bane: Ekeberg 11, 32
Tysdag 1. august kl. 1315 Torvastad - Ørskog/Stordal 0-2. Bane: Ekeberg 11, 05
Torsdag 3. august kl. 1000 1/16 finale. Hallingdal - Ørskog/Stordal 2-1. Bane: Ekeberg 27.

   

Seth tilbake til Brattvåg

Magnus Austbø Seth har dessverre valgt å vende heim til Brattvåg etter ein rundtur innom Ravn, AaFK og Norborg. Han kom til Norborg før 2016 sesongen og stoppa på 48 A-kampar og 28 mål. Vi ønsker Magnus lykke til vidare. 
   

Ekstrem utskifting

Kontinuitet var lenge Norborg sitt kjenneteikn etter millenniumskiftet. Med ein stor stamme født i 1981/82 gjekk Norborg frå 6. til 4. divisjon og stabiliserte seg på det nivået. Så starta den gode 88/89 generasjonen å gjere seg gjeldande og tok laget endå eit steg vidare saman med sine litt eldre lagkameratar. I år så har 98/99 generasjonen gjort sitt inntog på Norborg sitt A-lag. Heile 10 av 14 spelarar mot Hareid er født i 1998 eller -99. Det enda med 1-0 siger, akkurat som i fjor. Men, berre 3 av 14 spelarar var med på fjorårets siger. Likevel, vi må nevne at 10 av dei 14 som var med i går var Norborg-spelarar også i 2016. Dei fire siste - tre har kome frå Ravn, medan ein er på lån frå Brattvåg, men har Norborg som moderklubb. 

Hareid - Norborg 2017 vs. 2016:

2017 2016
Ronald Søvik Olsen Joakim Kjærstad Jobb
Anders Toven Kristian Søviknes Trenar
Tor Abelseth Tor Abelseth
Jonas Austnes Hans Edvard Nordang Fjørtoft
Stian Grytten Skogvoll Jan Tore Fjørtoft Fjørtoft
Ådne Hellandsvik Ole Johan Urke Skada
Tarjei Gjerset Urkedal Steffen Grytten Fjørtoft
Marius Austnes Marius Austnes
Jesper Vos Ole-Kristian Aarseth Militæret
Per-Stian Alvestad Kristoffer Søviknes Sjuk
Magnus Austbø Seth Magnus Austbø Seth



Innbytarar Innbytarar
Trond Espen Rogne Nikolai Jensen Ferie
Matias Vatneødegård Fredrik Krogsæter Spjelkavik
Nikolas Fjørtoft Pedro Silva Ferie
   

Tidenes mest målfattige 4. divisjonsrunde?

Det vart ei særs målfattig avslutning på vårsesongen i 4. divisjon Sunnmøre med sju mål på seks kampar. Berre fire av tolv lag greidde å finne nettmaskene. Så få mål har det vel aldri blitt scora i ei serierunde på Sunnmøre?

Resultata var:
Langevåg - Skarbøvik 1-3
FK Sykkylven - Godøy 0-0
Larsnes/Gursken - Bergsøy 0-0
Emblem - Rollon 0-0
Hødd2 - Volda 2-0
Hareid - Norborg 0-1

Hødd2 tek ferie på toppen av tabellen med 31 poeng på 11 kampar. Ein sterk prestasjon av det unge Hødd-laget. Bergsøy (24) og Volda (22) ligg på dei øvrege pallplassane. Berre vinnaren rykker opp.

Larsnes/Gursken og Hareid ligg førebels i eit vakuum på 4. og 5. plass med sine 16 poeng. Dei sju andre laga er det liten skilnad på. Skarbøvik (12), Godøy (12), FK Sykkylven (11), Rollon (10) og Norborg (9) har dei to under streken, Emblem (8) og Langevåg (7), tett på seg.

Her finn du komplett tabell, heimetabell, bortetabell og tabell for 1. omgang og 2. omgang.
   

Avslutta vårsesongen med stil - sterk siger over Hareid

Hareid -Norborg 0-1 (0-1)
4. divisjon, Hareid stadion, 30.06.2017

Sjansar: 9-3
Cornere: 8-2
Avslutningar på mål: 2-4
Avslutningar utanfor: 14-6
Blokkerte avslutningar: 4-2

0-1 Per-Stian Justsen Alvestad (16)

Norborg vann sin andre kamp på rad, passerte Langevåg og Emblem på tabellen og tek dermed ferie på sikker plass. Det unge og urutinerte Norborg-laget tok leiinga eit kvarter ut i kampen då Per-Stian Alvestad heada ballen i fin boge over keeper og i mål. Det meste handla etter dette om å forsvare leiinga. Hareid kom seg til fleire gode sjansar, men denne gong hadde Norborg marginane på si side og tok sin fjerde strake siger på Hareid stadion.

Les mer: Avslutta vårsesongen med stil - sterk siger over Hareid

   

Bortekamp mot Hareid fredag kl. 1830

Norborg tek turen til Hareid for siste kamp før sommarferien. Hareid har hatt ein god vår og med sine 16 poeng ligg dei på 4. plass. Laget scora lite mål, berre 13, men er veldig gjerrig. Berre Hødd2 og Volda har sluppe inn færre. Sist veke vart det 2-0 siger over Rollon. Norborg vann med same siffer i sin siste kamp og vi håper at laget kan bygge vidare på dette. Frå sist er Nikolai Jensen, Denis Sjåstad og Mads Even Hatlehol borte, men troppen forsterkast av Nikolas Fjørtoft og Matias Vatneødegård.
   

Norborg vann Øyacup 2017!

Etter å ha stått over nokre år kom Norborg tilbake og tok sin 5. siger i Øyacup etter å ha slått Harøy i finalen. Etter 1-1 i ordinær tid vann gutane 3-1 i straffekonkurransen. Magnus Austbø Seth scora i ordinær tid, medan Elling Mikal Kalvø, Kristoffer Søviknes og Ådne Hellandsvik sette sine straffer.

På vegen til finalen vart HaNo slått 2-1 i første kamp, medan ein sikra finalebilletten med 1-1 mot Lepsøy. Magnus Austbø Seth, Kristoffer Søviknes og Elling Mikal Kalvø scora i gruppespelet.

Fjørtoft Old Boys, med Norborg-trenar Kristian Søviknes på laget, tok bronsa etter 3-1 over HaNo. Lepsøy tok 5. plassen etter siger over Fjørtoft i straffekonkurransen (0-0 i ordinær tid).

I dameklassa forsvarte Ravn tittelen etter å ha slått Brattvåg J16 3-1 i finalen.

For dei som lika historie kan vi skyte inn at Norborg vann Øyacup også i 2003, 2009, 2010 og 2012.

Norborg stilte følgjande mannskap: Eirik Fjørtoft (på lån frå Fjørtoft), Stian Grytten Skogvoll, Marius Austnes, Magnus A. Seth, Lars Mikalsen, Anders Urkedal, Elling Mikal Kalvø, Kristoffer Søviknes, Ådne Hellandsvik, Jonas Austnes, Anders Toven og Jesper Vos.

   

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL

Kalender

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann