fredag, januar 19, 2018
   
Text Size
Feil

Årsmøte torsdag 15. februar kl. 18

Årsmøtet for 2017 vil bli holdt torsdag 15. februar 2018, kl.1800 på klubbhuset i Uggedalen.

Årsmøtet vil da gjelde for hovedlaget og alle undergrupper.

Agenda vil være vanlige Årsmøtesaker ihht Norborg IL sine vedtekter, og eventuelle saker medlemmene ønsker å ta opp må være styret i hende senest torsdag 01.02.18.

Sakene meldes til Per Gunnar Søvik, mob. 926 02276, e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

-Hvd.styret-
 

Trenarduo på plass!

Kristian Søviknes og Øyvind Sundnes blir trenarar for Norborg sitt A-lag i 2018. Kristian var trenar også i fjor, medan Øyvind erstatter Preben Lorgen, som har blitt trenar for divisjonskollega Blindheim. Øyvind kjenner klubben godt etter nokre sesongar som trenar og fysio. Vi ønsker han velkomen i trenarteamet. Kristian vil også følge juniorlaget, men her vil Torgeir Garshol vere hovudtrenar. Azem Maksumic vil også vere med i det trenarteamet.

Oppstart for A-laget vil vere torsdag 11. januar kl. 18. Nye og gamle spelarar er hjarteleg velkomen.
   

5. divisjon: Forslag til terminliste

Forslag til terminliste for 5. divisjon har no kome frå Sunnmøre Fotballkrets. Seriestart ligg an til å bli 12. april, medan siste runde er sett opp 25. oktober.

1 2018-04-12 18.30 Norborg Herd 2
2 2018-04-19 18.30 Sæbø Norborg
3 2018-04-26 18.30 Volda 2 Norborg
4 2018-05-03 18.30 Norborg Blindheim
5 2018-05-16 18.30 Fjørtoft Norborg
6 2018-05-24 18.30 Norborg Ellingsøy
7 2018-05-31 18.30 Skodje Norborg
8 2018-06-07 18.30 Norborg Langevåg
9 2018-06-14 18.30 Hovdebygda Norborg
10 2018-06-21 18.30 Norborg Stranda
11 2018-06-28 18.30 Guard Norborg




12 2018-08-16 18.30 Herd 2 Norborg
13 2018-08-23 18.30 Norborg Sæbø
14 2018-08-30 18.30 Norborg Volda 2
15 2018-09-06 18.30 Blindheim Norborg
16 2018-09-13 18.30 Norborg Fjørtoft
17 2018-09-20 18.30 Ellingsøy Norborg
18 2018-09-27 18.30 Norborg Skodje
19 2018-10-04 18.30 Langevåg Norborg
20 2018-10-11 18.30 Norborg Hovdebygda
21 2018-10-18 18.30 Stranda Norborg
22 2018-10-25 18.30 Norborg Guard
   

Inngår samarbeid med Brattvåg

Norborg og Brattvåg inngår samarbeid om lag i både 5. divisjon og i G19 1. divisjon. Norborg måtte som kjent ta turen ned frå 4. divisjon i haust og har i heile 2017 hatt få reine A-lagsspelarar. Då Brattvåg for nokre veker sidan gjekk ut og sa dei ønska seg ein samarbeidsklubb på Nordre Sunnmøre var Norborg raskt frampå. Samtalane var særs positive og ein stiller dermed eit lag i 5. divisjon som vil heite Norborg/Brattvåg2. Laget sine kampar vil spelast i Uggedalen. Samtalane førte også fram til eit felles juniorlag. Norborg har i dei to siste sesongane samarbeidd med Ravn og Harøy og gjort det særs sterkt med to pallplassar. Harøy vil framleis vere med på samarbeidet, medan Ravn truleg vil stille eige lag i 6. divisjon og ikkje vere med på juniorsamarbeidet. Heimekampane til juniorlaget vil vere likt fordelt mellom Norborg og Brattvåg.

Vi håper og trur at samarbeidet vil vere fruktbart for klubbane og bidra til eit solid tilbud til alle. Du kan lese meir om samarbeidet i Nordre.
   

Norborg G19 med i futsal-KM

Norborg sitt juniorlag deltek på futsal-KM i helga og møter i morgon Herd2 kl. 1440, Hødd3 kl. 1540 og Volda1 kl. 1720.

Turneringa kan du følge her:

http://live.mylivescore.no/#/t/398/fixtures

   

Juniorane avslutta med storsiger!

Norborg/Ravn/Harøy vann 8-3 over FK Sykkylven i serieavslutninga, men sidan Herd vann 2-0 i Ulsteinvik greidde ein ikkje å ta 2. plassen. Hødd vann 1. divisjon på betre målskilnad enn Herd, medan NoRaHa enda to poeng bak.

https://www.fotball.no/fotballdata/turnering/hjem/?fiksId=154805

   

Tabelltips 2017 - slik gjekk det

Norborg og Langevåg var dei svakaste på bana, men kan i alle fall kalle seg dei beste tipparane i 2017. Av dei fem nettsidene/twitterkontoane som tippa tabellen før årets sesong så var det Norborg som var best med 124 poeng framfor Langevåg med 123. Sunnmørsfotball fekk 122 poeng. 


Tabelltips




Norborg 124 Langevåg 123 Sunnmørsfotball 122
1. Bergsøy 11 Volda 10 Bergsøy 11
2. Volda 11 Bergsøy 11 Rollon 9
3. Rollon 10 Rollon 10 Hødd2 10
4. Hødd2 9 Hødd2 9 Volda 11
5. Emblem 11 Skarbøvik 11 Skarbøvik 11
6. Langevåg 7 Langevåg 7 Emblem 12
7. Skarbøvik 9 Emblem 11 Langevåg 8
8. Hareid 11 Hareid 11 Larsnes/Gursken 10
9. Godøy 11 Godøy 11 Godøy 11
10. Larsnes/Gursken 12 Larsnes/Gursken 12 FK Sykkylven 11
11. FK Sykkylven 10 Norborg 11 Norborg 11
12. Norborg 12 FK Sykkylven 9 Hareid 7








Emblem 114 Rollon 108

1. Volda 10 Volda 10

2. Bergsøy 12 Bergsøy 12

3. Rollon 10 Rollon 10

4. Hødd2 9 Hødd2 9

5. Langevåg 6 Larsnes/Gursken 7

6. Skarbøvik 10 Langevåg 7

7. Emblem 11 Skarbøvik 9

8. Larsnes/Gursken 10 Norborg 8

9. Norborg 9 FK Sykkylven 12

10. Hareid 9 Emblem 8

11. FK Sykkylven 10 Hareid 8

12. Godøy 8 Godøy 8

   

Avslutta med stil!

Norborg - Hareid 3-1 (2-0)
4. divisjon, Uggedal KGB, 20.10.2017

Sjansar: 13-8
Cornere: 9-11
Avslutningar på mål: 8-8
Avslutningar utanfor: 9-5
Blokkerte avslutningar: 5-2

1-0 Nikolas Fjørtoft (18)
2-0 Magnus Austbø Seth (29)
3-0 Magnus Austbø Seth (66)
3-1 Kim-André Lid Alvestad (90)

Norborg rundspelte Hareid dei første tjue og burde ha leia langt meir enn 1-0. Kampen jamna seg ut, men det var fortent at heimelaget gjekk til pause med 2-0. Norborg var lenge best også etter kvila og auka til 3-0 då Magnus Seth scora sitt andre for kvelden. På slutten tok Hareid over og reduserte utan at sigeren var trua.

Les mer: Avslutta med stil!

   

Fjørtoft hat-trick ikkje nok - Godøy for sterke!

Norborg - Godøy 4-5 (2-2)
4. divisjon, Uggedal KGB, 29.09.2017

Sjansar: 7-11
Cornere: 1-6
Avslutningar på mål: 6-11
Avslutningar utanfor: 4-5
Blokkerte avslutningar: 1-3

1-0 Nikolas Fjørtoft (5)
1-1 Trond Brynestad (10)
1-2 Trond Brynestad (27)
2-2 Nikolas Fjørtoft (34)
2-3 Jonathan Mulelid (53)
3-3 Nikolas Fjørtoft (65)
3-4 Erik Dyb (67)
3-5 Trond Brynestad (71)
4-5 Per-Stian Alvestad (90)

Norborg vart for lette i nedrykkskampen mot Godøy og tapte sin fjerde strake kamp. Nikolas Fjørtoft vil alltid mykje og denne gong fann han også nettmaskene tre gongar, men Godøy sin rutinerte spiss Trond Brynestad ville ikkje vere noko dårlegare og svara med tre mål. Godøy vann duellane og skapte dei fleste sjansane. Sigeren var dermed fortent.

Laget: Olsen - Toven (Jenssen, 83), J.Austnes, Søviknes, Sæther (Skogvoll, 4) - Vatneødegård (Silva, 75), Vos, Urkedal, Hellandsvik, Alvestad, Fjørtoft.

   

Unngjekk tosiffra mot Bergsøy

Bergsøy - Norborg 8-0 (6-0)
4. divisjon, 22.09.2017

1-0 Daniel Kvalsvik (4)
2-0 Franjo Tepuric (13)
3-0 Martin Søvik Røren (str. 15)
4-0 Thomas Sætre Hauge (38)
5-0 Thomas Sætre Hauge (39)
6-0 Franjo Tepuric (43)
7-0 Martin Søvik Røren (75)
8-0 Martin Søvik Røren (87)

Norborg var ikkje levna store sjansane mot Bergsøy og vertane innfridde med tre mål det første kvarteret. På slutten av 1. omgang raste det inn tre nye mål bak keeperdebutant, normalt utespelar, Kristoffer Søviknes. Etter pause tok det ein halvtime før Bergsøy greidde å overliste Søviknes. Då fullførte spelaren med det velklingande mellomnavnet Søvik sitt hat-trick med to mål det siste kvarteret. 
   

Volda klart best i Uggedalen

Norborg - Volda 1-6 (1-3)
4. divisjon, Uggedal KGB, 15.09.2017

Sjansar: 4-13
Cornere: 3-7
Avslutningar på mål: 5-14
Avslutningar utanfor: 5-8
Blokkerte avslutningar: 0-2

0-1 Stian Finnøy (18)
0-2 Sjølvmål (34)
1-2 Per-Stian Alvestad (35)
1-3 Stian Finnøy (43)
1-4 Tobias Evebø (56)
1-5 Stian Finnøy (61)
1-6 Stian Finnøy (70)

Medan sist kamp enda med eit bittert tap i ein kamp ein burde ha vunne, så var Norborg ikveld underlegen sin motstandar. Volda haldt eit høgare nivå i alt og Norborg slapp vel igrunn heldig unna med "berre" 1-6.

Les mer: Volda klart best i Uggedalen

   

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL

Kalender

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann