fredag, mai 18, 2012
   
Text Size

Følg lokalderbiet mot Skodje

Som vanleg så kan du følge Norborg sin kamp her: https://twitter.com/#!/ilnorborg.

 

Bortekamp mot Skodje fredag kl. 1830

Fredag kl. 1830 er det klart for lokaloppgjer mellom våre eigne gutar og Skodje på Skodje stadion. Begge lag har fått ein god start på årets sesong. Kven vil følge opp på fredag?

Les mer: Bortekamp mot Skodje fredag kl. 1830

   

4. divisjon onsdag

Norborg har i kveld avansert til 3. plass på tabellen utan å ha spelt sjølv. Dette fordi Ørsta sendte høgtflygande ÅVK heim med 4-1 tap.

Kveldens kampar:

Ørsta - ÅVK 4-1 (2-1)
ÅVK tok leiinga ved Torgeir Halsen, men Ørsta slo raskt tilbake ved Terje Rebbestad. Fem minutt før pause sørga Sigurd Nybø for at heimelaget leia til pause. 2-1 stod seg lenge etter pause, men på slutten punkterte Mats Øvrebotten kampen med sitt 9. mål for året. Rebbestad scora sitt andre mål minuttet før slutt og sørgja for Ørsta sin andre 4-1 siger på under ei veke.

Langevåg - MSIL 1-1 (1-0)
Viglundur Einarsson sørga for at heimelaget leia til pause, mens Erlend Sunde vart grøntrøyene sin helt då han utlikna heilt på tampen av kampen.

FK Sykkylven - Blindheim 2-3 (2-2)
Gjestane leia 0-2 før vertane sin Damien Cruz sørga for uavgjort til pause med to raske mål. Harald Vegsund sørga for Blindheim-jubel då han vart matchvinnar dryge ti minutt før slutt.

http://www.msil-fotball.no/ følgjer kampane direkte.
   

Splitta 4. divisjonsrunde

6. serierunde i 4. divisjon er delt med tre kampar onsdag og tre kampar fredag. Nordicbet har kome med sine odds for runda.

Onsdag:
Ørsta - ÅVK 1.80 - 5.20 - 2.55
Etter ein tung start fekk Ørsta seg ein opptur sist veke då ein vann 4-1 over FK Sykkylven. Unge Mats Øvrebotten var nok ein gong spelaren som måtte bere anvaret. På dei første fem rundene har Øvrebotten scora 8 av Ørsta sine 10 mål. På ÅVK er det litt fleire som ber anvaret. Fkatisk har heile 6 spelarar scora minst to mål hittil, og Elling Flister har scora i fire kampar på rad. Han fekk ein lårskade i sist kamp og det er framleis usikkert om han rekk kampen. Saka ser ut til å vere enkel for 2. plasserte ÅVK. Stoppar dei Øvrebotten kan dei feire 17. mai med tre poeng i lomma. Vi trur likevel at Øvrebotten får seg eit mål eller to mot ÅVK sitt litt vaklande forsvar på bortebane og at kampen endar med U.

FK Sykkylven - Blindheim 1.90 - 5.00 - 2.40
Divisjonen sine svakaste lag etter pause møtast i Sykkylven. FKS scorar brukbart med mål, spesielt heime, men slit likevel med å vinne kampar. Ein hadde venta at FKS stod med meir enn fire poeng etter å hatt heimekampar mot dei nyopprykka laga. Blindheim hadde ein fantastisk vinter der laget gjekk frå siger til siger, men når det skulle delast ut poeng begynte det å klabbe. Hadde kampane berre vart i 45 minutt hadde Blindheim toppa tabellen. Er laget dårleg trent, eller er det tilfeldigheiter? Ein kamp vi helst skulle ha heilgardert, men med eitt teikn må det bli B.

Langevåg - MSIL 1.75 - 5.30 - 2.60
16. mai og lokaloppgjer på Sula. Begge lag har hatt mager poengfangst så langt. Langevåg viste kva som bur i laget då ein sette Spjelkavik på plass med 4-2, men ødelagde det heile med å tape for Godøy. Har problem med å score mål, men mot divisjonens svakaste forsvar så må vel Valsson og co. vakne? MSIL leverte ein sterk vinter, men når vi skriv midten av mai er dei divisjonens einaste lag utan siger. Vi trur dei må vente minst ei veke til. Langevåg har jamt over litt meir kvalitet i laget og beheld alle poenga. H.

Fredag:
Rollon - Spjelkavik 2.15 - 4.75 - 2.15
Dei to opprykksfavorittane har så langt innfridd sjølv om Rollon gjekk på ein skrell sist veke. Laget framstod då som eit kick and run lag, eller vi kan vel stryke run. For her var det laber innsats. Spjelkavik har tidvis imponert i år, men viste at dei ikkje er uslåelege då ein vart sett på plass av Langevåg. Begge lag har kvar sin storscorar i Daniel Gjerde og Adrian Hagerup. Vi trur Rollon fekk seg ein tankevekkar sist og reiser seg ved å slå Spjelkavik. H.

Skodje - Norborg 2.35 - 5.00 - 1.95
Dette skulle vere ein botnkamp, men er i staden mellom nr. 6 og 4 på tabellen. Laga spelte 3-3 i treningskamp i vinter. Om trent like jamt trur vi det blir denne gong, men vi set med ein liten følelse av at Norborg har litt fleire strengar å spele på og tek ein knapp siger. Likevel, her er det innsatsen som avgjer kvar poenga vil gå. B.

Valder - Godøy 1.75 - 5.20 - 2.65
Nytt lokaloppgjer. Kvikke teknikarar mot fysiikk. Heime på Valdervoll skal Valder ha eit betre lag enn Godøy. Tempoet blir høgare enn Godøy meistrar i Adrian Blindheim si leikegrind og vi dveler ikkje meir å sette ein H.
   

Kampar måndag

3. divisjon
Hødd2 - Skarbøvik 1-1

5. divisjon
Hasundgot - Bergsøy2 1-4

6. divisjon avd. 2
Ravn - Ellingsøy 2-3
HaNo - Giske utsatt
Aspøy - Langevåg2
   

Skodje vs. Norborg - historisk tilbakeblikk

Fredag kl. 1830 er det klart for det nærmaste Norborg kjem eit lokalderby i år. Då tek ein nemleg turen til Skodje, eit lag ein på A-lagsnivå ikkje har møtt i seriesamanheng sidan det året Kjetil Osvold scora mot Argentina, Kjell Petter Hoel scora mot Finland i gutelandskamp på Aksla, Oxford vann ligacupen og grusbana i Uggedalen vart opna. Ja, du gjetta riktig, 1986.

Les mer: Skodje vs. Norborg - historisk tilbakeblikk

   

Videosnutter av Norborg sine mål mot Rollon

Vi har lagt ut Norborg sine mål mot Rollon på youtube. Trykk på linkane under.

Norborg - Rollon 1-0
Norborg - Rollon 2-0
Norborg - Rollon 3-0 Norborg sitt seriemål nr. 1800 sidan starten i 1968.
Norborg - Rollon 4-0

Takk til Martin Holmeset som gadd å filme.

   

Spjelkavik til topps!

4. divisjon fredag

Spjelkavik - Valder 1-0
Stian Mauren vart einaste målscorer i toppoppgjeret på Spjelkavik KGB. Heimelaget tok dermed tilbake tabelltoppen.

3. divisjon

Stranda - Bergsøy 5-1
Larsnes/Gursken - Volda 1-0
   

Knuste topplaget!

Norborg - Rollon 4-0 (2-0)
Uggedal stadion, 10.05.12

Sjansar: 8-4
Cornere: 6-8

1-0 Tarjei Gjerset Urkedal (6)
2-0 Alexander Eide (11)
3-0 Ole Johan Urke (53) NB! Norborg sitt seriemål nr. 1800!
4-0 Asgeir Kalvø (77)

Norborg tok kommandoen fra start av og fekk maks uttelling då ein scora på sine to første sjansar. Fortent leiing til pause i ein omgang med få sjansar. Norborg fortsette med sin aggressive spelestil i 2. omgang og gjer 3-0 på eit herlig langskot av Ole Johan Urke. Rollon skapar eit par sjansar etter dødball, men utan resultat. For dette var Norborg sin kamp! Knappe kvarteret før slutt sette Asgeir Kalvø inn den siste spikaren i Rollon-kista med ein utsøkt lobb. Ein glimrande utført kamp av oransjetrøyene.

Les mer: Knuste topplaget!

   

4. divisjon torsdag

Det vart som venta mange heimesigrar i kveldens runde.

Godøy - Langevåg 1-0
Godøy er som Norborg. Kosar seg på heimebane og påførte Langevåg sitt tredje 1-målstap. Godøy si heimeside har meir om den saka.

Blindheim - Skodje 3-3
Heimelaget leia 3-1 ti minutt før slutt, men Skodje kom sterkt tilbake å redda poenget. Skodje si heimeside har meir om den kampen.

Ørsta - FK Sykkylven 4-1
Så lykkast endeleg Ørsta og tok sin første siger. Meir om den kampen finn du her.

ÅVK - MSIL 4-0
Så har hareidsdølane rett. ÅVK er betre enn sist dei var i 4. divisjon og toppar no divisjonen på fleire scora mål enn Rollon og Norborg. ÅVK har faktisk vunne 15 strake heimekampar. Nyt tabelltoppen til i morgon kveld. MSIL er no einaste laget i divisjonen utan siger. Det er vel bra teit det, Vur Derersen? ÅVK har meir om kampen.

Spjelkavik - Valder spelar fredag.
   

Følg Norborg - Rollon frå kl. 1830

Dersom du ikkje har høve til å vere i Uggedalen i kveld så kan du følge kampen her.
   

Side 1 av 74

Neste kamp

Sesongen har ikkje starta

Kalender

09.06 10:00 STX Intern fotballcup
Hvor: Uggedalen Stadion

Sponsorer